Webinar om bærekraft i fjellområda

Som ein del av arbeidet med prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet» har Nibio (Norsk institutt for bioøkonomi) på oppdrag frå Fjellnettverket laga ein rapport som ser på korleis reiseaktivitetar og matproduksjon, basert på lokale ressursar i fjellet, påverkar berekraft og klima.

Emilie Holba

I ei ope webinar-rekke vil forskarane bak rapporten Bærekraft i fjellområda leggje fram resultata.

Fredag 25/11: (kl. 09:00-10:30)

Anders Bryn og Bjørn Egil Flø, begge forskarar frå Nibio, går djupare inn i problemstillingar knytt til arealkonfliktar og reiseliv.

Torsdag  1/12: (kl. 09:00-10:30)

Yngve Rekdal og Hanne Sickel, begge frå Nibio, snakkar om beiteressursar i fjellkommunane, biologisk mangfald, kulturlandskap og produkt frå fjellet.

Påmelding til webinara kan gjerast via denne lenka: https://response.questback.com/ofk/k3lxqk1yeo

Les meir om rapporten

Til toppen