Desse kjem på Fjellkonferansen 2022

Aasmund Nordstoga 

  Aasmund Nordstoga er gradbrukar og visesongar. Mange kjenner han skribent i Nationen. Aasmund skal vere konferansier og spele for oss. Med seg på gitar har han Åsmund Reistad. 

 

 

 

 

Terje Riis-Johansen

Terje Riis-Johansen - Klikk for stort bildeTerje Riis-Johansen er fylkesordfører for Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Han har vore både  Olje og energiminister  (2008-2011) og landbruks og matminister (2005 – 2008).

 

 

 

 

 

Olav Røssum

 Styreleiar i Fjellnettverket. Representerer Senterpartiet i Innlandet fylkesting. Kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og arbeider som bonde og lærar. 

Bjørn Egil Flø

NIBIO  Bjørn Egil Flø er forskar ved NIBIO. Han er utdanna sosiolog og har

har eit breitt fagleg interesseområde frå bygdekultur til landbrukspolitikk. Her inngår også tema som distriktspolitikk, utmarksforvalting og forhaldet mellom by og land. På Fjellkonferansen 2022 skal Bjørn Egil lansere NIBIO rapporten Mat og opplevingar i fjellet- Berekraftig bruk av lokale ressursar i landbruk og reiseliv

 

Hanne Sickel

Hanne Sickel - Klikk for stort bilde NIBIO   Hanne Sickel er forskar på NIBIO. Ho har blant anna forska på bruk av utmark og korleis artsrike beiter påverkar produkta som blir produsert.

På Fjellkonferansen 2022 skal Hanne lansere NIBIO rapporten Mat og opplevingar i fjellet - Berekraftig bruk av lokale ressursar i landbruk og reiseliv. 

 

 

Nils Johan Svalastog Garnes

Bilde av Nils Johan Svalastog Garnes - Klikk for stort bildeNils Johan Svalastog Garnes er 41 år frå Vinje. Etter studier og arbeid i Oslo, Brussel og London flytta han heim att til Vinje i 2018. Saman med partner Giovanni Cozzi dyrker dei oliven i Italia, produserer ein prisvinnande ekstra virgin olivenolje og har andre prosjekt knytt til dette.  Nils Johan SV i kommunestyret i Vinje.

 


 

Sondre Aasan

Nora May Engseth  Sondre Aasan er utdanna agroøkolog ved NMBU og driv mjølkeproduksjon og gardsmeieri i Flatdal, samt seterdrift på Kråkeroe-staulen saman med kona Lina. 

På Kråkeroe-staulen har det vore staulsdrift i århundrer. Dagens produksjon er tufta på gamle håndverkstradisjonar og tradisjonelle produkt.

 

 

 

Sigrid Skjerdal

Maria Sivertsen  Sigrid Skjerdal er utdanna  journalist og har jobba i NRK. Dei tre siste åra har ho vore festivalsjef og dagleg leiar for festivalen Vinjerock. Festivalen har satsa på kortreiste og sesongbaserte råvarer, og har i fleire år hatt ekstra fokus på korleis dei kan redusere klimaavtrykket. Me har invitert Sigrid til å snakke om korleis festivalen brukar natur og kortreist mat som ein bevisst strategi i opplevinga. 

 

 

 

Annikken Fægri Dam-Larsen

   Anniken Fægri Damm-Larsen har ein bachelor i hotell- og restaurantmanagement frå USA og har vore kundeansvarleg for reiseliv i Innovasjon Noreg i Telemark.

No jobbar ho som regiondirektør for Innovasjon Noreg sitt kontor i Vestfold og Telemark. På konferansen har me invitert Anniken til å gje oss ei innføring i framtida for reiselivet i fjellet og nasjonale strategiar.

 

Gro Hommo

Gro Hommo har bygd opp ysteri, bakeri og kafe i Rauland.

På Lega blir det produsert både kvit og brun geitost, pizzabotnar og lefser.

Gro skal snakke om korleis ho ser framtida for matprodusentar og lokalmat. 
 

 

 

 

Kjersti Bjørnstad

 Kjersti Bjørnstad er statsekretær i Kommunal- og distriktsdepartement og kjem på fjellkonferansen for å snakke om arbeidet med den nye stortingsmeldinga om distrikt. 

 

 

 

 

 

 

Jon Rikard Kleven

 Jon Rihard Kleven er ordførar i Vinje kommune. Han kjem på  fjellkonferansen for å snakke om fjellbygd eller feriefjell. 

Tine Normann

Tine Normann har vore ordfører i Sigdal kommune sidan 2015. Ho leiar hytteutvalet til Utmarkskommunes sammenslutning.  På konferansen skal ho presentere Sigdal kommunes strategi for å få fleire til busette seg i kommunen.

 

 

 

 

Hanne Lykkja

 Hanne er utdanna ressursgeograf frå UIO med vekt på naturforvaltning, planlegging, lokalsamfunnsutvikling og berekraftig reiseliv og arbeider no med besøksforvaltning i Nordland fylkeskommune. Hanne har lang erfaring frå arbeid med natur- og landskapskartlegging, lokalsamfunnsutvikling. Me har invitert Hanne til å snakke om arbeidet med besøksforvaltning i Nordland fylkeskommune og korleis dei har arbeidd for at reiselivet kan bidra til å skape gode lokalsamfunn.

Til toppen