Fjellområda har mange fellestrekk og forvaltar viktige naturressursar. Jordbruk og vidareforedling av mat har vore og er eit viktig næringsgrunnlag for dei som bur og arbeider i fjellet. Kulturlandskapet i fjellområda er eit resultat av eit aktivt landbruk med bruk av utmark og fjellressursar.
Landskapet er attraktivt for besøkande og dannar grunnlag for ny næringsverksemd der naturen ofte er utgangspunkt for opplevingar. Det unytta verdiskapingspotensialet er stort.
Mat og opplevingar i fjellet
Emilie Holba
Prosjektet er ei satsing for å auke verdiskapinga for mat- og reiselivsverksemder i fjellområda. Gjennom fleire ulike aktivitetar skal me auke bruk av lokalmat, gjere det lovleg med matservering frå private heimar, utvikle nye og framtidsretta lokalproduserte produkt og få til meir berekraftig bruk av fjellresurssane. Målet er levande og livskraftige fjellbygder.
Les meir om prosjektet
Internationale Grüne Woche
Fjellnettverket
Under namnet Fjell Noreg var frå 2018 til 2020 eller var i åra 2018 til 2020 til saman nærmare 80 ulike mat- og opplevingsverksemder, kokkar og lærlingar jobba saman i Berlin for å marknadsføre lokalmat og reiseliv frå fjellet. Målsetninga har vore å byggje kunnskap om mat og opplevingar frå fjellet og styrkje samarbeidet mellom fylker, regionar og dalføre.
Les meir om arbeidet med Internationale Grüne Woche
Meir lokal og norsk mat i fylkeskommunane
Fylkeskommunane bør bruke norsk og lokalprodusert mat, meiner Fjellnettverket. Fjellnettverket har oppfordra fylkeskommunane om å kjøpe meir lokalprodusert og norskprodusert mat på skuler, kantiner og på arrangement i fylkeskommunal regi
Les meir om oppfordringa frå Fjellnettverket.