Mat og opplevingar i fjellet

I prosjektet skal det leggast vekt på utviklinga av fjellområda som ein konkurransekraftig mat- og reiselivsregion, der innovasjon og aktivt samspel mellom mat- og reiselivsnæringa genererer auka sal og lønsemd for begge næringar, noko som er i tråd med nasjonale føringar.kokkar som arbeider - Klikk for stort bilde Catrine Dokken  

Arbeidet er i gang, og her finn du oppdatert informasjon om kva som har skjedd: 

Avtale med Nibio: forskningsrapport om berekraft i fjellet

Fjellnettverket signerer avtale med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) om å skrive ein rapport som ser på berekraft i fjellet. Oppdraget til NIBIO er å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om klima og berekraft for matproduksjon og reiseliv i fjellet.  

Les meir om rapporten  

Digitale samlingar:

Mat og reiseliv i fjellet – Kva no?
26. august 2021.
Målsetninga var få ei oppsummering og eit felles blikk på framtida for reiselivet i fjellområda. Tuva Thorson frå Langedrag Naturpark, Hans Brimi frå Brimi seter og Sondre Aasan frå Kråkeroe- staulen/ Flatdal Meieri delte erfaringar frå sommarsesongen og kva som var deira tankar om framtida for reiseliv og matproduksjon i fjellet.

Knut Fossgaard frå Viken fylkeskommune og tidlegare forskar på NMBU, kom med sine tankar om framtida for reiselivet i fjellområda. Prosjektleiar Elin orienterte om Fjellnettverket sitt arbeid med prosjektet mat og opplevingar i fjellet.

Kva skal til for å få til auka sal av lokalmat?
14. oktober 2021
Undersøkingar visar at nordmenn er meir opptekne av å ete norsk mat, ynskjer å kjenne til kvar maten kjem i får og korleis den er produsert.

På seminaret fekk me høyre korleis Landsverk Gard, Garden Oppheim og Annis Pølsemakeri har lukkast med å selje produkta sine og deira tips for å auke salet. Nina Sundqvist frå stiftelsen Norsk Mat delte tankar om framtida for lokalmat også etter koronaen. Pål Knutsson Medhus frå Høve Støtt og Ostebygda ga deltakarane gode tips og råd om korleis dei skal bli endå betre i å selje produkta sine.

Om prosjektet mat og opplevingar i fjellet

Kva vil me oppnå?
Prosjektet har som mål å arbeide for levande og livskraftige bygder i fjellområda. Dette skal skje gjennom ei langsiktig og heilskapleg satsing på utvikling i næringane mat og reiseliv gjennom samarbeid og nettverksbygging på tvers av bransjar og geografi. Samla vil satsinga vere med på å styrke verdiskapinga i fjellområda.

Kvifor set Fjellnettverket i gang arbeidet med mat og reiseliv?
Det er i hovudsak to grunnar til at Fjellnettverket set i gang prosjektet:  For det første at kartlegging av utviklinga og næringsgrunnlaget i fjellområdet gir grunn til stor uro. For det andre, erfaringar og innspel frå verksemder og samarbeidspartnarar som deltok i arbeidet med Grüne Woche i 2018 og 2019.

Fjellområda har store naturressursar og gir viktige bidrag til storsamfunnet gjennom blant anna kraftproduksjon og matproduksjon, og dei er viktige rekreasjonsområde. Samstundes står lokalsamfunna i desse områda overfor store utfordringar som nedgang i folketal, spreidd busetting, lågare utdanningsnivå, færre nyetableringar og mindre variert næringsliv, samanlikna med sentrale strøk. Landbruk, matproduksjon og reiseliv er viktige næringar i områda.

I arbeidet med Internationale Grüne Woche er det opparbeid mykje erfaring og kunnskap. Gjennom åra frå 2018-2020 har det vore eit tett samarbeid med nærare sytti verksemder i fjellområda. I møter, arbeidsverkstadar, samlingar og ikkje minst messedagane i Berlin har produsentane og samarbeidspartane kome med tilbakemeldeldingar på vidare arbeid.

Fleire delprosjekt
Prosjektet har ulike delprosjekt som skal være med å styrke fjellområda som mat- og reiselivsområde. Samla sett har delprosjekta eit stort potensial, både i seg sjølv og gjennom synergieffektane mellom dei ulike delprosjekta. Prosjektet spenner seg over mange ulike problemstillingar, slik som behov for kunnskap om berekraftig produksjon, innovasjon og nyskaping, meir bruk av lokale produkt og marknadsføring. 

Styringsgruppe

Styret i Fjellnettverket har oppnemnd ei styringsgruppe for prosjektet. Gruppa er sett saman av representantar frå Fjellnettverket, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg, Statsforvaltaren, reiselivet og verksemder som har deltatt på Internationale Grüne Woche). Landbruks- og matdepartementet er med som ekstern representant.

Hovudoppgåva til styringsgruppa er å bidra til at prosjektet mellom anna får dei ressursane som trengst, gje råd og støtte i problemstillingar som prosjektleiinga tar opp og følgje med på framdrifta i prosjektet. Styringsgruppa er leia av Kari Randen som er prosjektansvarleg.

Representantane i styringsgruppa er:

  • Kari Randen, dagleg leiar Fjellnettverket og prosjektansvarleg
  • Olav Røssum, styreleiar Fjellnettverket
  • Karl – Otto Mauland, rådgjevar næringsutvikling og entreprenørskap Vestfold og Telemark fylkeskommune, representerer fylkeskommunane
  • Nina Glomsrud Saxrud (landbruksdirektør Oslo og Viken), representerer statsforvaltaren
  • Anniken Fægri Damm-Larsen, direktør Innovasjon Norge, Telemark og Vestfold, representerer Innovasjon Noreg
  • Eirik Høyme Rogn, dagleg leiar i Mountains of Norway, representerer visitselskapa, vil bli erstatta av ny representant i løpet av hausten.
  • Nina Mosseby, seniorrådgjevar landbrukspolitisk avdeling
  • Maren Solvang Johnsen, Søberg Gard

Referat frå møter i styringsgruppa: 

Til toppen