Påmelding til webinar
Foredragshaldarar er:
Marianne Rønning, Tørresvangen gård
Tørresvangen gard ligg midt mellom Tynset og Kvikne. På garden driv Marianne Rønning og mannen Vidar Nybu eit lite gardsysteri og har utsal i stabburet. I webinaret fortel Marianne om korleis dei har fått gardsbutikken til å fungere og kva som har vore suksessfaktorar for drifta av den.
Sigurd Vassenden
Foto: Privat
Sigurd Vassenden, Grønt frå Grindal
Sigurd Vassenden driv marknadshagen Grønt frå Grindal. Grønt frå Grindal er ein relativt stor marknadshage på 6-8 dekar og ligg i Rennebu i Trøndelag. På webinaret fortel Sigurd om kva for kanalar han brukar for å selje grønsakene dei produserer.
Gro Rudi, Uvdalsbonden
Bak Uvdalsbonden står ein gjeng fjellbønder frå Uvdal øvst i Buskerud. Dei tilbyr råvarer og opplevingar i og frå Uvdal og ynskjer å gjere det enkelt å kjøpe råvarer direkte frå bonden. På webinaret fortel Gro korleis dei jobbar med ulike salskanalar.
John Erik Aaby
Foto: Privat
John Erik Aaby er kjøkensjef på Vestlia Resort på Geilo. Han brukar mykje lokalmat i sine menyar. På webinaret vil han fortelje om korleis han jobbar med lokalmat og lokalmatprodusentar.
Webinaret er gratis.
Gå inn på lenka for å melde deg på: Påmeldingslenke