Prosjektet "Mat og opplevingar i fjellet" avlutta med suksess
Prosjektet "Mat og opplevingar i fjellet" nærmar seg avslutning og Fjellnettverket inviterte til ei inspirerande erfaringsutveksling. Deltakarane fekk djuptgåande innsikt i dei mange aktivitetane og resultata frå prosjektet, delte erfaringar og kom med verdifulle innspel til vidare aktivitetar.
Emile Holba
Prosjektet har hatt som mål å fremje levande og livskraftige bygder i fjellområda, og har arbeidd tett med aktørar frå reiseliv og landbruk.
Arrangementet fann stad den 13. november 2024 på Vestlia Resort i Geilo. Programmet for dagen inkluderte fleire interessante innlegg:
- Resultat frå arbeidet med Mat og opplevingar i fjellet ved dagleg leiar Kari Randen.
- Erfaringar med Heimablidni på Færøyane ved Òli Rubeksen.
- Erfaringar og inntektsmogelegheiter med Bondens bord med Tina Løken Mestrand frå Mestrand Gard.
- Bondens bord i norsk reiselivet ved Knut Fossgard, rådgjevar reiseliv i Buskerud fylkeskommune.
Etter innlegga var det tid for diskusjon og erfaringsutveksling, der deltakarane delte tankar om vidare arbeid. Dagleg leiar i Fjellnettverket avslutta samlinga med ei oppsummering og takka deltakarane for deira engasjement.
Publisert 24.10.2024 15.08
Sist endra 18.06.2025 16.48