Fjellområda sentrale for å nå berekraftsmåla

Forskingsinstituttet NIBIO har i ein fersk rapport, på oppdrag frå Fjellnettverket, slått fast at rett bruk av fjellressursane kan ha ei sentral rolle i å nå berekraftsmåla.

Naturbildete frå fjellområda - Klikk for stort bilete Emile Holba

Rapporten samanfattar eksisterande kunnskap om korleis reiselivsaktivitetar og matproduksjon, basert på lokale ressursar i fjellet, påverkar berekraft og klima.

Fjellnettverket ynskjer å bidra til eit grønare og meir klimavenleg samfunn og denne rapporten, som tek utgangspunkt i fjellområda sitt perspektiv og bruk av ressursane i fjellet, skal bidra til dette. Både i påverknadsarbeid for ein politikk som i større grad kan fremje den berekraftige utviklinga i fjellområda, men og for å auke kunnskapen til verksemdene som driv med matproduksjon og opplevingar her, seier dagleg leiar i Fjellnettverket, Kari Randen.

Her kan du laste ned og lese heile rapporten:
«Mat og opplevingar i fjellet» – Berekraftig bruk av lokale ressursar i landbruk og reiseliv

Store skilnader i landbruk

Fjellnettverket ser at debattane ofte tek tak i enkeltelement og at det er samanhengar som ikkje kjem fram. 

Eit godt døme på dette er diskusjonen knytt til kjøtt og effekten kjøtforbruket vårt har på klimaet. Rapporten viser mellom anna at kjøt og mjølkeproduksjon basert på utmarksbeite kan vere positivt for klima og biomangfald. Fjellnettverket ynskjer å få fram at det er store skilnader i landbruk  Dette er i stor kontrast til dei negative effektane på biomangfald og klima som ein ser frå beitesystem i nokon av dagens største kjøteksporterande land, seier Kari Randen.

Ressursar for matproduksjon i fjellområda er underutnytta i dag og dermed kan sjølvforsyningsgraden aukast utan at berekrafta med omsyn til naturressursane blir skadelidande. Bruken av utmarka til beite og matproduksjon er berekraftig og kan vere med å bidra til auka sjølvforsyning og ta Noreg nærmare å nå berekraftsmåla, påpeiker ho.

Utvikling av reiseliv

Reiselivet i fjellet er avhengig av utviklinga i fjellandbruket og det kulturlandskapet som landbruket held ved like. Rapporten påpeiker potensialet i reiselivet for å auke verdiskapinga gjennom å bruke lokalproduserte produkt, men åtvarar mot ei utvikling der områda blir for mykje utbygd.

Reiselivet har hatt ein stor vekst i fjellområda dei siste åra og rapporten drøftar korleis reiselivet kan utvikle seg framover saman med landbruket i fjellet. Mat og opplevingar basert på natur og kultur bidreg til heilårlege arbeidsplassar, styrkjer verdiskaping lokalt og har eit stort potensiale i framtida. Reisande er stadig meir bevisste på kva klimaavtrykk dei etterlet seg på ein destinasjon, og vil gjerne bidra til positiv sosial berekraft i lokalmiljøa, seier Kari Randen og legg til: rapporten drøftar viktige problemstillingar knytt til fjellområda, som i kor stor grad skal ein bygge hytter og kjem med innspel på korleis ein kan utvikle reiselivet i fjellområda vidare.  

Mat og opplevingar i fjellet

Rapporten er ein del av Fjellnettverket sitt arbeid for mat og reiseliv i fjellområda. Gjennom arbeidet møtes mat, landbruk og reiseliv på tvers av fylke.

Mange matprodusentar og reiselivsaktørar saknar å ha god nok kunnskap om klima og berekraft og korleis deira produksjon påverkar dette. Me håpar at dette kan styrke lokalmatprodusentar og reiselivet framover, og at rapporten kan bidra til å nyansere debattane som berre blir større og viktigare å ta, seier Elin Halland Simensen.