Fjellungdom: Di stemme er viktig

Ungdom i fleire europeiske land var invitert til å svara på ei undersøking om livet i fjellbygdene. Euromontana, ein organisasjon for samarbeid og utvikling i fjellområda i Europa, sto for undersøkainga.  

 

Illustrasjon av fjellungdom, di stemme er viktig - Klikk for stort bilete

Euromontana fylte 25 år i 2021, og markerte dette m.a. ved å gjennomføre denne undersøkinga. Spørjeskjemaet var på 12 språk, og norsk var eitt av dei. Målgruppa var ungdom mellom 18-29 år.

Medlemmane i Euromontana vil gjennom denne undersøkinga få meir innblikk i kva unge menneske ønskjer med liva sine, kva for utfordringar dei ser med å leva i fjellområda, og kva dei kunne ønske vart endra.

Her kan du kan lesa resultata frå undersøkinga.  Euromontana har medlemmar frå 16 land. Seks av dei 66 medlemmane er norske, dette er nesten alle fylkeskommunane i Sør-Noreg som har fjellområde, i tillegg til to forskingsinstitutt.