Innspel til arbeidet med distriktsmelding

Regjeringa er i gang med ny distriktsmelding. Fjellnettverket har mange innspel og forslag til arbeidet.  

Distriktsmeldinga bør legge til grunn at berekraftig bruk av fjellområda og utvikling av ressursane i fjellet er eit viktig bidrag for å redusere den globale oppvarminga. God forvaltning, bruk og utvikling av våre område stiller derfor spesielle krav, og kan skje best når det bur folk i og nær fjella.

Ein heilskapleg og offensiv distriktspolitikk bør innehalde:

·         Ein plan for utvikling av fjellområda i tråd med det grøne skiftet.
·         Sikre at bruk av naturressursar gir inntekter til lokalsamfunna.
·         Inntektssystem til kommunane som baserer seg på brukartal.  
·         Styrking og utviding av differensiert arbeidsgivaravgift.
·         Sikre etablering av nye, framtidsretta næringar i distrikta.
·         Tiltak som fører til at det blir bygd ulike typar bustader over heile landet.
·         Sikre kunnskap og kompetanse gjennom fleire utdannings-institusjonar i distrikta
·         Styrking av inntektene i fjelljordbruket.
·         Auka investeringar i infrastruktur.
 

Les heile innspelet frå Fjellnettverket (PDF, 141 kB)

Til toppen