
Det er Fjellnettverket som i samarbeid med bu og blilyst i Hallingdal som har teke initsativ til undersøkinga som blir gjennomført av Østlandsforsking ved Universitet i Innlandet. Vi er no på jakt etter deg som har flytta frå sentrale strøk til ei fjellkommune.
Forskerar intressert i di flyttehistorie
Forskarane ønskjer å intervjue personar eller par som har flytta til fjellkommunar dei siste fem åra. Intervjua vil vare i 1,5 til 2 timar, og data vil bli anonymisert og sletta etter prosjektet.
Kven kan delta?
For å delta må ein ha flytta til ei fjellkommune frå ein av følgjande kommunar: Asker, Bergen, Bærum, Drammen, Fredrikstad, Frogn, Gjerdrum, Hamar, Horten, Lier, Lillestrøm, Lørenskog, Moss, Nittedal, Nordre Follo, Oslo, Rælingen, Sandnes, Sarpsborg, Sola, Stavanger, Trondheim, Tønsberg, Ullensaker, Vestby, Ås. Ein må heller ikkje vere oppvaksen i kommunen ein har flytta til.
Meir informasjon
Utdjupande informasjon om prosjektet kan du lese på denne nettsida:
https://www.inn.no/forskning/forskningsprosjekter/flyttemotiver/index.html
Påmelding til intervju:
https://nettskjema.no/a/flyttemotiver