Mat og reiseliv i fjellet – Kva no?

illustrasjonsfoto elverafting - Klikk for stort bilde Webinar 26.8.21 kl. 9.00 – 11.00.

Etter to sommarsesongar prega av korona, er det på tide med ei oppsummering og eit blikk på framtida for reiselivet i fjellområda.

På webinaret vil du få høyre: Korleis sommarsesongen har vore på Langedrag Naturpark, Brimi seter og Kråkeroe-staulen/Flatdal Meieri og deira tankar om framtida for reiseliv og matproduksjon i fjellet.

Tankar om framtida for reiselivet i fjellet Fjellnettverket sitt arbeid med mat og opplevingar.

Du vil møte:

• Tuva Thorson frå Langedrag Naturpark
I over 40 år har Langedrag Naturpark hatt opent kvar einaste dag og gitt dei besøkande heilt spesielle dyreopplevingar. Tuva deler erfaringar frå sommarsesongen.

• Sondre Aasan frå Kråkeroe-staulen/Flatdal Meieri
 Sondre og Lina driv med mjølkeproduksjon og har nettopp bygd nytt meieri på garden. Om sommaren flyttar dyr og folk opp på setra som ligg ved Hardangervidda. Her produserer dei setermat og driv kafé. Sondre fortel om erfaringar frå dei siste to somrane.

• Hans Brimi frå Brimi sæter
På Brimi sæter kan du oppleve seterlivet på nært hald, ete god lokalprodusert mat og overnatte på låven. Hans fortel om sumarsesongen og deira tankar om framtida. • Knut Fossgard frå avdeling for distrikt- og regional næringsutvikling i Viken fylkeskommune. Knut har tidlegare vore forskar hos NMBU og deler tankar med oss om framtida for reiselivet i fjellet

• Knut Fossgårs frå avdeling for distrikt- og regional næringsutvikling i Viken fylkeskommune
Knut har tidlegare vore forskar hos NMBU og deler tankar med oss om framtida for reiselivet i fjellet.

• Elin Halland Simensen frå Fjellnettverket
Status for prosjektet «Mat og opplevingar».

Meld deg på her

Til toppen