Næringsstrategi for fjell og innland

21. juni lanserte regjeringa Fjell- og innlandsstrategi Nye jobbar skapar vekst og utvikling i fjell- og innlandsregionen.

Morgonsol over fjell - Klikk for stort bilete Emilie Holba  

Målet med regjeringa sin fjell- og innlandsstrategi er å spisse regional- og distriktspolitikken for ei mer målretta og berekraftig næringsutvikling. Strategien finn du her: Fjell- og innlandsstrategi (regjeringen.no)

Innspel frå Fjellnettverket undervegs i arbeidet

Fjellnettverket arrangerte eit digitalt frukostseminar med tema næringsutvukling i fjell, der Kommunal og moderniseringsdepartemenet fekk innspel frå ulike næringar i fjellet.

I tillegg har styret i Fjellnettverket har kome fleire forslag og innspel til arbeidet. Dei har mellom anna foreslått styrking av fjellandbruket, etablering av nye studiestader og endring av inntektssystemet for kommunane.  Du kan lese det her:

Innspel frå Fjellnettverket til arbeid med fjell- og innlandsstrategien (PDF, 218 kB)