Prosessen rundt tiltaksplanar for villrein

Eit samla rådsmøte i Fjellnettverket ber om at det straks blir gjort endringar i prosessane rundt tiltaksplanar for villrein, slik at kommunane blir godt involverte i dette arbeidet. 

Reinsbukk  - Klikk for stort bilete Anders Mossing/Norsk villreinsenter

Eit samla rådsmøte i Fjellnettverket ser positivt på at det blir arbeidd med tiltaksplanar for villrein, da Noreg har eit spesielt ansvar for denne arten. For oss i fjellbygdene er reinen særs viktig både historisk og i nåtida, med ein tusenårig sameksistens mellom villrein og fjellfolk.

I arbeidet med tiltaksplanane opplever dei aktuelle fjellkommunane at dei ikkje blir godt involverte i prosessen. Dei opplever at prosessane gjer at dei i liten grad kan påverke arbeidet, og involvere innbyggarane sine.

Tiltaka for å sikre villreinen i framtida vil påverke både nærings- og friluftsliv i fjellområda. Manglande involvering, slik som vi nå opplever, vil kunna gjera at tiltaka manglar forankring, og dermed gje svakare oppslutning.

Vi ber om at det straks blir gjort endringar i prosessane rundt tiltaksplanar for villrein, slik at kommunane blir godt involverte. 

Det er også  nødvendig at Kommunal- og distriktsdepartementet, som har ansvaret for plan- og bygningslova og dei nasjonale planoppgåvene, blir  involvert i prosessen på linje med Klima- og miljødepartementet.

Vedteke av rådsmøtet i Fjellnettverket 23. mai 2023.