Rapport: Tre år med Fjell Noreg på IGW

l aksjon på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin. Det var første gong fjellområda samla seg under namnet Fjell Noreg og første gong fjellområda hadde sin eigen del av den tradisjonsrike marknadsføringa av Noreg. No kan du lese  om arbeidet og resultata i rapporten "Tre år med Fjell Noreg på IGW". 

Bilde av verksemder på standen i Berlin - Klikk for stort bilete Fjellnettverket

 

Forside rapport - Klikk for stort bilete

 I løpet av tre år har til saman 78 verksemder frå fjellområda vore med til Berlin. Arbeidet med Fjell Noreg til Internationale Grüne Woche har vore starten på eit nytt samarbeid på tvers av fylkesgrenser og regionar. Verksemdene som har vore med, gjev tilbakemelding om gode effektar og trekkjer fram nye nettverk, inspirasjon til nye produkt og auka verdiskaping som nokre av resultata.

-Eg tok med meg heim eit utvida syn på kva verdi lokalmat har i reiselivsbransjen, seier Kåre Berg frå Bergsjøstølen i rapporten. 

 

Les meir om verksemdene og resultata i rapporten.

Les rapporten (PDF, 17 MB) 

Ynskjer du ei trykt utgåve så kan du bestille den ved å sende e-post til prosjektleiar Elin Halland Simensen, elinsi@viken.no.