Fjellkommunane i Noreg

Fjellkommunane er meir enn kommunar i fjellet. Dei forvaltar nokre av dei viktigaste ressursane i Noreg.

Dei 102 fjellkommunane strekkjer seg frå Agder og Rogaland i sør til Trøndelag i nord. Her finn vi store beiteområde, reint vatn, vasskraft, natur- og kulturverdiar, viktige reisemål og store verneområde.

Fjellområda er avgjerande både for dei som bur der og for resten av landet. Samstundes møter mange fjellkommunar særskilde utfordringar knytte til avstandar, demografi, arbeidskraft og tenestetilbod. Difor treng Noreg kunnskap om fjellkommunane og ein politikk som tek omsyn til vilkåra i fjellområda.

Støl på fjellet - Klikk for stort bilete Emilie Holba

Kvifor er fjellkommunane viktige?

Fjellområda er blant dei største samanhengande ressursområda i Noreg. Her finn vi:

- magasin og nedbørsfelt som gir grunnlag for vasskraft
- viktige kjelder til reint drikkevatn
- store utmarksbeite og grunnlag for matproduksjon
- nasjonalparkar og verdifull natur
- populære område for friluftsliv
- nokre av dei viktigaste reisemåla i landet
- kulturarv, tradisjonar og levande lokalsamfunn

Mange av verdiane som blir skapte i fjellområda, kjem heile landet til gode. Det er først og fremst takka vere fjellet at Noreg har overskot av straum. Over 30 prosent av fjellarealet er verna. Difor er utviklinga i fjellkommunane viktig langt utover kommunegrensene.

Fjellnaturen kan også ha verdiar vi enno ikkje kjenner. I 1969 tok ein sveitsisk mikrobiolog på ferie med seg ei jordprøve frå Dyranut på Hardangervidda. I prøva fann ein soppen som vart grunnlaget for ciklosporin, eit legemiddel som blir brukt etter organtransplantasjonar.

FN har gjort 11. desember til den internasjonale fjelldagen, og berekraftsmål 15.4 handlar om å ta vare på økosystema i fjellområda.

Fjellkommunane i tal

- 102 fjellkommunar
- 90 785 km² fjellområde
- 42 prosent av landarealet i Sør-Noreg
- 8 fylke med fjellkommunar
- 30 fjellkommunar i Innlandet, flest av alle fylka
- 333 625 innbyggjarar i dei 87 kommunane i Fjellindeksen (2026)
- 185 763 fritidsbustader i dei same kommunane (2023), opp frå 144 601 i 2006

Fjellkommunane er hyttelandet i Noreg. Dei ti kommunane med flest hytter per innbyggjar er alle fjellkommunar, og Bykle ligg på topp. I Flå er det bygd nesten éi ny hytte per innbyggjar dei siste ti åra. Hyttene gir arbeid og inntekter, men krev òg tenester, vegar og vatn som kommunen må dimensjonere for langt fleire enn dei som bur der fast.

Kva er ein fjellkommune?

Ein fjellkommune er ein kommune der fjellet utgjer ein stor del av arealet og har mykje å seie for samfunns- og næringsutviklinga. Definisjonen byggjer på ei kartlegging av fjellområda i Sør-Noreg.

Kva er eit fjellområde?

Fjellområde er areal som ligg minst 700 meter over havet. I det som tidlegare var Nord-Trøndelag, er grensa sett til 600 meter over havet.

Grensa er lagd om lag der den produktive skogen sluttar. Målet har vore å finne område der fjellet set tydelege rammer for landskap, bruk og næringsverksemd.

Kva gjer ein kommune til ein fjellkommune?

Dei fleste fjellkommunane har minst halvparten av arealet sitt innanfor fjellområdet.

Nokre kommunar med litt mindre fjellareal er òg tekne med. Dei grensar til andre fjellkommunar og har mykje aktivitet knytt til fjellet, til dømes utmarksbeite, hytter, reiseliv, kraftproduksjon eller naturforvaltning.

Store ressursar og særskilde utfordringar

Fjellkommunane forvaltar ressursar som er viktige for heile landet. Samstundes gir lange avstandar, spreidd busetnad og krevjande geografi andre rammevilkår enn i meir sentrale område.

Kommunane i Fjellindeksen hadde 333 625 innbyggjarar ved inngangen til 3. kvartal 2026. Det døyr fleire enn det blir fødd, og folketalet held seg berre oppe fordi fleire flyttar inn enn ut. Meir om befolkning, arbeidsplassar, attraktivitet og næringsliv finn du i Fjellindeksen på Regional analyse.

Kva meiner Fjellnettverket?

Fjellnettverket meiner Noreg treng ein eigen fjellpolitikk som ein del av distriktspolitikken. Mellom anna arbeider vi for:

- rammevilkår der kommunale tenester blir dimensjonerte etter faktiske brukarar, ikkje berre innbyggjartal
- differensiert arbeidsgjevaravgift og verkemiddel for nyetablering
- rammevilkår for landbruket som tek omsyn til drift i fjellet
- mobil og breiband i heile fjellområdet
- sterkare beredskap og desentraliserte utdanningstilbod

Les heile fjellpolitikken vår.  «Fjellpolitikk – for levande og livskraftige fjellbygder (PDF)»] (PDF, 419 kB)

Fjellkommunane fylke for fylke

kart over fjellkommunar - Klikk for stort bilete

 

Fjellkommunar
FylkeTalKommunar
Innlandet30Alvdal, Dovre, Engerdal, Etnedal, Folldal, Gausdal, Lesja, Lillehammer, Lom, Nord-Aurdal, Nord-Fron, Nordre Land, Os, Rendalen, Ringebu, Ringsaker, Sel, Skjåk, Stor-Elvdal, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Tolga, Trysil, Tynset, Vang, Vestre Slidre, Vågå, Øyer, Øystre Slidre og Åmot
Vestland20Aurland, Eidfjord, Etne, Gloppen, Høyanger, Kvam, Kvinnherad, Luster, Lærdal, Modalen, Samnanger, Sogndal, Stryn, Sunnfjord, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Vik, Voss og Årdal
Buskerud12Flesberg, Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Krødsherad, Nesbyen, Nore og Uvdal, Ringerike, Rollag, Sigdal og Ål
Trøndelag11Holtålen, Lierne, Meråker, Midtre Gauldal, Oppdal, Raarvihke – Røyrvik, Rennebu, Rindal, Røros, Selbu og Tydal
Telemark9Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Notodden, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje
Møre og Romsdal8Fjord, Molde, Rauma, Stranda, Sunndal, Surnadal, Sykkylven og Ørsta
Rogaland6Bjerkreim, Gjesdal, Hjelmeland, Sandnes, Sauda og Suldal
Agder6Bykland, Bykle, Kvinesdal, Sirdal, Valle og Åseral

 

Kjelde: Arnesen, T. (2022). Fjellkommuner. En oppdatering av kategorisering og kartfesting. 

Les rapporten (PDF, 3 MB)