Fjellkonferansen 2022 Praktisk informasjon Velkomen til Fjellkonferansen 2022! Fjellkonferansen 2022 er eit samarbeid mellom Fjellnettverket, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Vest-Telemarkrådet og Tinn kommune. Konferansen er lagt til Gaustablikk Fjellresort. Det ligg i Tinn kommune i Telemark og har adresse Kvitåvatnvegen 372, 3660 Rjukan. Når du har meldt deg på, skal du få ein e-post til adressa du har brukt i registeringa. Dersom du ikkje får e-post (og har sjekka spamfilteret) har ikkje påmeldinga vorte registrert. Prøv på nytt eller ta kontakt med sabo@berg-hansen.no eller elinsi@viken.no Vil du kome dagen før? Det er reservert hotellrom frå 26. september. Registrer dette når du melder deg på. Har du meldt deg på, men må endre bestillinga? Du kan endre bestillinga ved å følgje lenka du fekk i e-posten når du meldte deg på. Konferansekostnad: Heile konferansen, frå lunsj 27.9 - lunsj 28.9, pris per person i enkeltrom kr 3000,-. Dagkonferanse dag 1, inkl lunsj kr 600,- Dagkonferanse dag 1 inkl. lunsj og middag kr 1100,- Dagkonferanse dag 2, inkl. lunsj kr 500,-. Det er eigne prisar for verksemder som er med i prosjektet Mat og opplevingar Foredragshalderar Program Publisert 29.06.2022 11.30 Sist endra 17.01.2023 09.52