Utdanningssystemet påverkar i stor grad kvar ein buset seg etter utdanninga. Undersøkingar viser at over 70 prosent blir verande i regionen der dei har gjennomført studia.
I dag er utdanningsinstitusjonar i stor grad lokaliserte i sentrale område. Dette får ein negativ effekt på næringslivet i distrikta.
Fjellnettverket meiner:
- Høgare utdanning bør bli finansiert slik at det blir fleire studiestader i distrikta.
- Det bør bli sterke insentiv for at universitet, fagskular og høgskular opprettar fleircampusmodellar.
- Etter- og vidareutdanningar bør bli meir fleksible, for å kunne møte næringslivets behov for kompetanse.
- Ei auka satsing på desentralisert høgare utdanning vil sikre kompetanse til næringslivet i distrikta.
Eit høgt utdanningsnivå er sentralt for å utvikle nye løysingar, innovasjon og for ei berekraftig og grøn omstilling.
Publisert 14.12.2020 15.34
Sist endra 14.12.2020 15.34