Desse er med på Bondens bord

Bondens bord veks, og stadig fleire gardsbruk opnar dørene for gjester. Her finn du oversikt over deltakarane i ordninga - og informasjon for deg som ønskjer å følgje utviklinga eller bli med. 

Ei rekkje gardsbruk frå fjellområda i Noreg er med i ordninga Bondens bord og opnar dørene for servering i eige kjøken. Fleire gardsbruk er allereie i gang med servering, og nye deltakarar er på veg til å opne i løpet av den komande perioden. 

Det er etablert ei eiga nettside for Bondens bord, med lenker vidare til kvart gardsbruk. Sjå Bondens bord nettside for informasjon om tilbod og opningstider. 

I løpet av prosjektet er det jobba med desse gardsbruka: 

Storeggen gård, Tynset, Innlandet

Emile Holba

På Storeggen har det vore gardsdrift i fire hundre år.  Marianne og Stein, og sonen Sondre og kona Maiken er ellevte og tolvte generasjon drivarar på garden. På garden driv dei ammekuproduksjon og foredlar eigne råvarer som dei sel i utsalet på garden. 

Kontakt: Marianne Øverhaug og Stein Øvre Storeggen
E-post: marianne@storeggen.no

Nordre Espeset gård, Nesbyen, Hallingdal, Buskerud

Emile Holba

På garden Nordre Espeset som ligg lengst opp i Rukkedalen i Nesbyen har Else 500 sau i fjøset. I tillegg driv ho lokalmatsenter der ho skjer ned kjøt og foredlar produkt for seg sjølv og andre bønder i nærområdet.

Kontakt: Else Horge Asplin
E-post: else@raasmak.no

 

Mestrand Gard, Vågå i Gudbrandsdalen, Innlandet

Emile Holba

Mestrand Gard ligger langs vakre Vågåvatnet i fjellbygda Vågå. Her produserer Tina og Øyvind økologisk mat på lag med naturen. På garden har dei storfe (dexterkyr), gjess, bringebær og ein stor grønsakshage.

Kontakt: Tina og Øyvind Mestrand
E-post: tina.loni@gmail.com

 

Olestølen og Nørrestogo, Nord-Aurdal, Valdres, Innlandet 

Emile Holba

I Nørrestogo og på Olestølen driv skimakern Thomas og budeia Kathrin med geiter, islandshestar, høner og gjess. Dei foredlar rå økologisk geitemjølk til ostar, syrna mjølk, smør og rømme og lagar den tradisjonsrike kurven frå Valdres. Om sumaren er dei og geitene på Olestølen. Om vinteren held Thomas kurs i skimaking og bruk av treski i skog og fjell.

Kontakt: Kathrin og Thomas Aslaksby
E-post: kathrin.h.aslaksby@gmail.com
 

Stordalen Gardsbruk, Tinn, Telemark

Emile Holba

Stordalen Gardsbruk er ein familiedreven gard med lang historie og tradisjon. På garden har dei geiter, telemarksfe og to typer sau, spælsau og villsau. Om sumaren er dei på setra, Bergstaulen. Garden tilbyr ei rekke produkt av mjølk, ost og kjøt som er produsert på ei berekraftig og dyrevenleg måte.

I ysteriet lagar dei verdas beste brunost som i 2018 vant supergull i Oste VM i Bergen. 

Kontakt: Marita Stordalen Stegarud
E-post:  marita_stegarud@live.com

Søre Hovde, Dovre, Innlandet

Emile Holba

Søre Hovde ligg høgt og solrikt til med flott utsikt over Dovre. Her driv Rannei og Hans eit småbruk med sau og høner og markedshage. Grønsakene sel dei på Reko-ring, markander og i eisjølvbetjente grønsaksbu nede ved vegen. Kårboligen på garden leigar dei ut til gjester som vil kome på besøk. 

Kontakt: Hans og Rannei Hovde
E-post: rannei.hovde@snohettaregnskap.no
 

Garden Oppheim, Ål i Hallingdal, Buskerud

Emile Holba

På Oppheim driv Renate og Sjur produksjon av sauekjøt. Dei har eige foredlingsanlegg der dei produserar spekemat, andre produkt av lammekjøt og saueskinn. I tillegg driv dei oppdrett av hundar og den skotske sauerasen Valais Blacknose Sheep. 

Kontakt: Renate Søndrål
E-post: post@gardenoppheim.no

Nerol gard, Hol, Hallingdal, Buskerud

Emile Holba

Nerol Gard har vore skysstasjon og er ein av dei eldste gardane i Hol. I dag driv Marit og Erling med gammalnorsk spælsau, økologisk produksjon av grønsaker, poteter, urter og blomar. Dei leverer grønsaker og kjøt til restaurantar og serveringsstadar rundt i Hallingdal. I tillegg driv dei andelshage.

Kontaktperson: Marit Torsrud Nerol
E-post: mtnerol@online.no

Søre Brøstrud gård, Uvdal, Numedal, Buskerud

Emile Holba

Søre Brøstrud gård er ein av gardane lengst opp mot fjellet i Uvdal. Her driv Johan og Urda økologisk mjølkeproduksjon på gamle norske storferaser. Om sumaren er kyrne på setra Tallåsen. På garden produserer dei økologiske produkt av mjølk og kjøt. I tillegg har dei sommargrisar og ein stor åker med grønsaker.  

Kontakt: Johan og Urda Ljøterud Höglund
Epost: johanhoglund@hotmail.com
Instagram: www.instagram.com/sore.brostrud
 

Gurostølen, Hol, Hallingdal, Buskerud

Emile Holba

Jarle og Rakel driv gardane Larsgard og Ruelsåtten der dei har mjølkekyr. Vegg i vegg ligg Rueslåtten Ysteri, der dei ystar ostar av rå (upasteurisert) mjølk. Om sumaren er dei og dyra på Gurostølen. Her driv dei stølsdrift og produserer ost, rømme og smør.

Kontakt: Rakel Hodne og Jarle Rueslåtten
E-post: rakel@rueslatten.no
 

Heggerud Gård, Sør-Fron i Gudbrandsdalen, Innlandet

Emile Holba

På Heggerud gård driv Ragnhild og Johan produksjon av bringebær, grønsaker og blomar. I tillegg har dei gardsbutikk, driv utleige av setra og har campingplass for bubilar, campingvogner og telt i hagen. 

Kontakt: Ragnhild Wadahl
E-post: ragnhild@heggerud.no

Steig Gard, Sør-Fron, Gudbrandsdalen, Innlandet

Emile Holba

Steig Gard har vore kongsgard og har ei historie som strekker seg tilbake til 1000-talet. På garden er det funne spor etter ei stolpekyrkje og på 1500-1600-talet var garden futegard og tingstad. 

Karen Elise og August tok over garden i 2020 og er i full gang med oppgraderingar. På garden har dei mjølkekyr, nokre ammekyr, sau og hestar.

Kontakt: Karen Elise og August Steig
E-post: steiggard@gmail.com
 

Brekke gård, Gransherad i Notodden, Telemark

Emile Holba

Line og mannen driv garden Brekke. Dei har skotsk høglandsfe, gammalnorsk spælsau og høner. I tillegg har Line eit drivhus der ho produserar ulike sortar grønsaker. Kårboligen på garden leiger dei ut til gjester som vil kome på gardsbesøk.

Kontakt: Line Berget Hedegart
E-post: line.berget.hedegart@kongsbergregionen.no
 

Breie gård, Etnedal, Valdres, Innlandet

Emile Holba

På Breie har det budd folk sidan 700 e.kr. I dag driv Inger Torill og familien garden som har vore i familien i fem generasjonar. På garden har dei dølafe og driv økologisk kjøtproduksjon. 

Kontakt: Inger Torill Holte Breien
E-post: ingertoril@gmail.com
 

Skålid nigard, Fyresdal, Telemark

Emile Holba

Garden Skålid ligg i Fjellgardane i Fyresdal. Her driv Elin med ammekyr og foredlar eigne produkt. 

Kontakt: Elin Skålid
E-post: elin@skalid.no
Facebook: https://www.facebook.com/skalid.no
Instagram: https://www.instagram.com/fjellgardane/

Rudland gård, Sør-Fron i Gudbrandsdalen, Innlandet

Emile Holba

Rudland ligg fint til i solsida i Sør- Fron med utsikt over dalen og fjellet. Her driv Eldrid og mannen med saueproduksjon og tilbyr overnatting i eit ombygd stabbur. 

Kontakt: Eldrid Rudland
E-post: rudlandgard@gmail.com
 

Vigelfarmen, Røros, Trøndelag
Tjønnås Økogård, Hjartdal, Telemark
Berghei Gård, Tinn, Telemark
Havrevollen, Engerdal, Innlandet