Internationale Grüne Woche er ei stor og veletablert mat- og landbruksmesse. Messa arrangerast kvart år i Berlin og samlar 1800 utstillarar frå over 70 ulike land. I løpet ti dagar er over 400 000 besøkande innom messa.
Fjell Noreg blei for første gong valt ut som eigen region på Internationale Grüne Woche i 2018, og har sidan vore deltakarregion i 2019 og 2020. Fjell Noreg er fjellområda i fylka Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og Agder.
I Berlin presenterte Fjell Noreg sin eigen fjellmeny komponert av kjøkkensjef Hans Brimi.
På menyen i Berlin har det mellom anna stått elgburgarar, ost, pinnekjøt, pølser laga på sauekjøt, sprengd gris og rakafisk, saman med øl bryggja på kveik, dram og akevitt laga på lokalproduserte mandelpoteter. Solbærsaft, bringebær, molter, lefser, lappar og flatbrød har òg vore viktige delar av menyen.
Noreg er eit attraktivt turistmål for tyskarar og mange av dei besøkande på IGW er der for å hente inspirasjon til kvar dei skal reise på neste ferietur. Til Berlin hadde Fjell Noreg også opplevings- og serveringsverksemder som nyttar fjellet, lokalmat og kultur i sitt produkt. Gjennom deltakinga har ein løfta fram og synleggjort nokre av dei mange produsentane av mat- og landbruksbaserte reiselivsopplevingar som finst i området. Verksemdene har fått høve til å knytte kontaktar seg imellom og med deltakarar i andre delar av landet.
For å utnytte potensialet i dette, hadde Fjell Noreg og med representantar frå destinasjonsselskap og turistkontor som bidrog i marknadsføringa av fjellområda som attraktivt reisemål.