Avtale med NIBIO: Forskingsrapport om berekraft i fjellet.

No er det endeleg klart! Fjellnettverket signerer avtale med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) om å skrive ein rapport som ser på berekraft i fjellet. Oppdraget til NIBIO er å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om klima og berekraft for matproduksjon og reiseliv i fjellet.
Kyr på beite - Klikk for stort bilde Elin Halland Simensen  

- Skal me styrke næringslivet i fjellet framover, er det svært viktig å ha god kunnskap  om berekraft og klimautslepp, seier dagleg leiar i Fjellnettverket Kari Randen. Og legg til at debatten og tiltaka for å redusere klimautslepp tek ofte utgangspunkt i andre produksjonsmåtar og bruk av natur enn det som er i fjellbygdene.
- Det er heilt sentralt for oss i Fjellnettverket å få eit godt kunnskapsgrunnlag. Samanhengen mellom karbonbinding, beiting og attgroing, er eit viktig tema for fjellbygdene, som me ser fram til å få kartlagt i denne rapporten, seier Randen.  

Rapporten som Nibio skal skrive skal fokusere på tre hovudspørsmål: 

Beiting og beitebruk
Her ynskjer Fjellnettverket å få kartlagt effekten av beiting og bruken av utmarka i fjellområda til beite.  Det skal blant anna sjåast nærmare på:

  • Samanhengen mellom beiting, beitetrykk og karbonbinding i jorda og om det er potensiale for å lagre ekstra karbon i jorda ved endra beitestrategi.
  • Forholdet mellom utslepp av karbon frå beitedyr og binding av karbon ved bruk av beite. - Effekten av beitebruk på biologisk mangfald, karbonbinding og attgroing
  • Albedoeffekten, samanhengen mellom beiting og refleksjonen av stråling frå sola og effekten av karbonbinding gjennom attgroing.  

Fjellandbruket og potensialet for auka sjølvforsyning

Kaldt klima, kort vekstsesong og lite jordbruksareal gjer fjellområda godt enga for grasproduksjon. Noreg er blant dei landa i verda der beiteressursane i utmark betyr mest for matproduksjonen i landet. Beiting har stor betydning for dyrehelsa og bidreg til  å halde importen av fòrråvarer nede. Nyare studiar tydar på at utmarksareala vil kunne utgjere ein stor ressurs for framtidig matproduksjon.

Fjellnettverket ynskjer at Nibio skal kartlegge forskning for å vurdere av om landbruk og matproduksjon i fjellområda kan auke sjølvforsyningsgrad og mattryggleik.

Reiseliv og lokale ressursar
Reiseliv er ei sentral næring i fjellet. Fjellområda har store hytteutbyggingar og det er forventa at den globale turismen vil auke i framtida. Vekst og utbygging gjer mogelegheiter men det inneber og eit ansvar og ei plikt til å ta vare på natur og miljø.

. Undersøkingar viser at stadig fleire ynskjer å reise miljøvenleg og at interessa for berekraftige og grøne reisemål er aukande. Lokal mat og opplevingar basert natur og kultur bidrar til heilårlege arbeidsplassar og styrker verdiskapinga i lokalsamfunna.  

Den tredje delen av rapporten skal sjå på reiselivet og miljø. Der skal forskarane vurdere om ein kan og eventuelt kor stor grad berekrafta i reiselivet kan aukast ved bruk av lokale ressursar.  

Prosjektet mat og opplevingar

Rapporten NIBIO no skal utarbeide er ein del av prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet», som Fjellnettverket har satt i gang. Prosjektet har som målsetjing å bidra til levande og livskraftige bygder i fjellområda.

- Målet er at resultata frå rapporten skal gje grunnlag for påverknadsarbeid for ein politikk som fremjar berekraftig utvikling av fjellområda og som styrker verksemdene med kunnskap om korleis deira produksjon og aktivitetar påverkar miljøet, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket.

NIBIO får oppdraget.

Oppdraget vart lyst ut som ein open anbodskonkurranse. Viken fylkeskommune har støtta prosjektleiinga i arbeidet med utlysinga av konkurransen. Det kom inn fleire interessante tilbod, men valet falt på NIBIO til slutt.

-Me er glade for at det er NIBIO som skal lage rapporten og har stor tru på at dei har det som skal til for å gje rapporten kvalitet og fagleg tyngde» seier Randen.

Prosjektet er støtta av fylkeskommunane i Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark.  

Til toppen