Peter Mydske/Stortinget
Fjellnettverket har kome med innspel til justiskomiteen på Stortinget om statsbudsjettet for 2027. Hovudbodskapen er at beredskapsansvaret i kommunane må følgjast opp med pengar.
Vedtak 1026 må følgjast opp
I juni 2026 bad Stortinget regjeringa om ein heilskapleg gjennomgang av beredskapsevna i kommunane, med forslag til tiltak og finansiering (vedtak 1026). I budsjettforslaget for 2027 står vedtaket berre som «under behandling». Kommunane får stadig fleire forventningar om beredskap, men finansieringa følgjer ikkje med.
Ansvar for langt fleire enn innbyggjarane
Fjellkommunane er vertskap for svært mange fritidsbustader og stor turisttrafikk. Under koronapandemien reiste mange til hytta, og det same kan skje i andre kriser. Kommunane har beredskapsansvar for alle som oppheld seg der. Dei har òg store areal, lange avstandar til sjukehus og naudetatar og få tilsette å fordele oppgåvene på.
Mobildekning er beredskap
Mange fjellkommunar manglar naudstraum og reservesamband i mobilnettet. Ved ekstremvêr og lange straumbrot kan både innbyggjarar, tilreisande og kriseleiinga miste dekninga. Programmet for forsterka ekom gir tiltak til om lag 20 nye kommunar i året, og auken i 2027 gir rom for berre to kommunar til. Samstundes foreslår regjeringa å avvikle tilskotet til breibandutbygging frå 2027.
– Beredskapen må òg fungere når straumen går. Utan mobildekning kan ikkje folk ringje 112 eller bli varsla, sa dagleg leiar Kari Randen i høyringa i kommunal- og forvaltningskomiteen.
Fjellnettverket støttar at tilskotet til frivillige organisasjonar i redningstenesta aukar med 10 millionar kroner.
Fjellnettverket ber justiskomiteen om å:
- be regjeringa følgje opp vedtak 1026 raskt og med finansiering av beredskapsansvaret i kommunane
- sikre at gjennomgangen tek omsyn til kommunar der talet på folk blir mangedobla i høgsesong og i kriser
- sikre at gjennomgangen omfattar robust mobildekning og digital infrastruktur i distrikta, inkludert naudstraum og reservesamband