Bondens bord får støtte frå fylkeskommunane og Innovasjon Noreg - fleire gardsbruk inviterast med

Fjellnettverket har fått finansiering frå Agder fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune og Innovasjon Noreg til å vidareutvikle Bondens bord. Nye gardsbruk frå fjellkommunane i Agder, Innlandet, Telemark og Buskerud inviterast til å samarbeide med etablerte Bondens bord-gardsbruk.

Tun Media

Inspirert av Færøyane - utvikla i norske fjellbygder

Konseptet er inspirert av «Heimablídni» frå Færøyane, der gardsbruk opnar opp gardane sine for servering. Dei siste to åra har Fjellnettverket testa ut ein norsk versjon i Buskerud, Innlandet og Telemark – med svært gode erfaringar. No skal ordninga utvidast til Agder. 

Berekraftig og ekte – ei oppleving i tida

Bondens bord møter etterspurnaden etter berekraftige og autentiske opplevingar. Her får gjestene støtte lokale bønder, og pengane blir verande i bygda. Det gir ringverknader både for gardane og lokalsamfunnet. 
– No er vi på utkikk etter fleire gardsbruk i fjellkommunane i Agder, Buskerud, Telemark og Innlandet som har lyst til å skape matopplevingar, bruke fleire av gardens resursar og auke inntektene, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket. 


Samarbeid for sterke fjellområde

Bondens bord er eit resultat av Fjellnettverket sitt samarbeid på tvers av fylkesgrenser. Prosjektet er finansiert av Innovasjon Noreg, Buskerud fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Agder fylkeskommune og Innovasjon Noreg.  Målet er å styrkje fjellområda som bu-, nærings- og besøksområde.

Gjennom deling av kunnskap og erfaringar mellom fjellkommunar i ulike delar av landet, byggjer vi eit nettverk av bønder som saman utviklar berekraftige og autentiske matopplevingar. Dette samarbeidet gjer det mogleg å løfte fram lokale ressursar, skape nye inntektsmoglegheiter for gardane og bidra til levande bygder.
 

Søknadsprosess og val av deltakarar

For å kunne drive Bondens bord-servering, må alle interesserte oppfylle visse krav, sende inn ein søknad og gjennomgå en intervjuprosess. Her kan du lese meir om kva som krevst for å bli med i Bondens bord.