Bondens bord: Merkevarebeskytta serveringsordning

Fjellnettverket er stolte av å kunngjere at Bondens bord no har fått varemerkebeskyttelse.  – Etter omfattande innsats for å etablere og utvikle Bondens bord som konsept og sikre at produktet held høgste kvalitet, er dette ein stor milepæl for oss, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket. 

Emile Holba

Kva er Bondens bord?

Bondens bord byr på ei autentisk matoppleving, der du blir invitert heim til bonden for å nyte måltid basert på gardens eigne råvarer. Du bestiller plass som på ein restaurant, men kjem tett på både maten og menneska bak. Rundt langbordet sit du saman med andre gjester, noko som skapar ei sosial og avslappa ramme. Maten, laga av sesongens ferske råvarer, løfter fram det beste frå garden. Bondens bord er ikkje berre eit måltid- det er ei oppleving av ureist mat og livet på garden.  

Kva tyder varemerkebeskyttelse?

Varemerkebeskyttelsen sikrar at namnet og konseptet er juridisk verna. Det betyr at dei som skal starte opp med Bondens bord må godkjennast av Fjellnettverket. Dette gir tryggleik for gardsbruka som tilbyr serveringa og gjestene. Samstundes sikrar det at krava for kvalitet og berekraft blir oppretthalde.  

Berekraftig matoppleving med ringverknader  

Bondens bord møter aukande etterspurnad etter berekraftige og autentiske opplevingar. Gjennom Bondens bord støttar gjestene lokale bønder, og verdiskapinga blir verande i lokalsamfunnet. Varemerkebeskyttelsen av Bondens bord er for å sikre ei ekte Bondens bord oppleving for gjestene, seier Randen.  – No kan vi arbeide vidare med å rekruttere fleire bønder til å vere med på Bondens bord, utvikle tilbodet og gjere gardsbruka som er med meir synlege.