Fjellkonferansen 2026 – årets viktigaste møteplass for fjellområda

20.–21. august | Straand Hotel, Vrådal

Fjellkonferansen er den årlege møteplassen for alle som er opptekne av framtida for fjellområda. Her møtest fagmiljø, politikk, forvaltning, næringsliv og frivillig engasjement for å auke kunnskap, dele erfaringar og bygge nettverk for framtida.

Fjellkonferansen - Klikk for stort bilete

Ein møteplass for kunnskap og fellesskap

Fjellkonferansen samlar aktørar frå fjellområda til to dagar med faglege perspektiv, erfaringsutveksling og gode samtalar. Konferansen legg til rette for dialog på tvers av kommunar, regionar og sektorar, og gir rom for både fagleg påfyll og uformelle møte.

Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget og fellesskapet som trengst for å sikre livskraftige fjellkommunar og fjellregionar i åra som kjem.

Program under arbeid

Vi er no godt i gang med arbeidet med programmet for Fjellkonferansen 2026. Det endelege programmet blir lansert seinare, men dato og stad er klare – og interessa er alt stor.

Praktisk informasjon