Uttale frå rådsmøtet i Fjellnettverket – lokalt handlingsrom og livskraftige fjellområde
Verdien av fjellområda
Rådet i Fjellnettverket vil understreke den store verdien fjellområda representerer for Noreg. Fjellområda er grunnlag for busetnad, verdiskaping, naturforvaltning og kultur, og gir viktige bidrag til både lokalsamfunn og storsamfunnet. Levande fjellbygder er ein føresetnad for berekraftig bruk av desse ressursane. Det er også avgjerande for ei balansert samfunnsutvikling i heile landet.
Kommunane er avgjerande
For å sikre livskraftige fjellområde må det finnast reelle moglegheiter for folk å bu, arbeide og leve gode liv i og nær fjella. Kommunane spelar ei nøkkelrolle i dette arbeidet, gjennom tenester, samfunnsutvikling og tilrettelegging for næringsliv.
Større lokalt handlingsrom er nødvendig
Fjellnettverket vil særleg løfte fram behovet for større lokalt handlingsrom. Kommunar i fjellområda har andre føresetnader enn meir sentrale strøk, med større avstandar, mindre fagmiljø og meir samansette utfordringar, men også store utviklingsmoglegheiter. For å lukkast må kommunane ha fleksibilitet til å utvikle løysingar som er tilpassa eigne forhold.
For høgt statleg styringstrykk
Kommunekommisjonen har peika på at det samla statlege styringstrykket på kommunesektoren er blitt for omfattande. Fjellnettverket meiner det er nødvendig å redusere dette styringstrykket, samstundes som nasjonale mål og rettstryggleik blir ivaretekne. Mindre detaljstyring, færre krav og større rom for lokale prioriteringar vil styrke evna kommunane har til å løyse oppgåvene på ein effektiv og treffsikker måte.
Lokalt handlingsrom og beredskap
Auka tillit til lokale prioriteringar vil styrke beredskapen, fordi kommunane då kan tilpasse tiltak til lokale forhold, bruke ressursane der behovet er størst og handle raskt når situasjonar oppstår. Dette er særleg viktig i fjellområda, som spelar ei sentral rolle i den nasjonale beredskapen – mellom anna gjennom matproduksjon, tilgang på naturressursar og areal, og som mottaksområde i krisesituasjonar. Denne rolla føreset robuste lokalsamfunn med kapasitet, kompetanse og reell handlefridom. Dette gjer lokalt handlingsrom til ein føresetnad for god beredskap i fjellområda.
Rammevilkår og finansiering
Samtidig må rammene rundt kommunane byggje opp under utviklingskrafta i fjellområda. Nasjonal politikk og rammevilkår må i større grad ta omsyn til dei særskilde føresetnadene i desse områda. Dette føreset at kommunane har økonomiske rammer som står i forhold til oppgåvene, og som tek høgde for avstandar, små fagmiljø og eit særskilt ansvar for beredskap og samfunnstryggleik i fjellområda. Utan tilstrekkeleg og føreseieleg finansiering vil ikkje kommunane ha eit reelt handlingsrom.
Eit nasjonalt ansvar
Fjellnettverket vil understreke at lokalt handlingsrom, tillit, føreseielege rammer og tilstrekkeleg finansiering er avgjerande for å sikre levande fjellbygder også i framtida. Utan sterke fjellkommunar svekkast både den nasjonale beredskapen og grunnlaget for berekraftig utvikling i heile landet. Dette er eit nasjonalt ansvar.
Emile Holba
• krav om mindre øyremerking og færre statlege detaljkrav
• betre inntektssystem for kommunar med store avstandar og deltidsbefolkning
• sterkare lokal del av verdiskapinga frå naturressursar, mellom anna kraftressursar og mineral
• større lokalt handlingsrom i areal- og energipolitikken
• statleg anerkjenning av fjellområda si beredskapsrolle når det gjeld
- fritidsbustader som beredskapsressurs
- fjellområda si rolle i kriser
- matproduksjon
- kraft og naturressursar
- behovet for robuste lokalsamfunn.
Skal fjellområda kunne ta ansvar for nasjonale oppgåver innan mat, energi, beredskap og naturforvaltning, må staten i større grad gi lokalsamfunna både myndigheit, økonomisk handlingsrom og ein rettmessig del av verdiskapinga