Fjellnettverket kritisk til forslag om endring av inntekter i kommunane
Det er kome fleire forslag til endringar i fordeling av inntekter til kommunane. Forslaga i NOU 2022: 10 Inntektssystemet får negative konsekvensar for distriktskommunar og for små kommunar. Summen av forslaga frå Inntektssystemutvalet vil auke sentraliseringa og vere eit hinder for berekraftig bruk av naturressursar, skriv Fjellnettverket i høyringssvaret.
iStock
Det var i 2020 Solbergregjeringa oppretta Inntektssystemutvalet, som fekk i oppdrag å sjå på og vurdere fordeling av inntekter mellom kommunar. Arbeidet er ferdigsstilt og forslaga er lagt fram i NOU 2022: 10 Inntektssystemet.
Fjellnettverket er kritisk til fleire av forslaga til utvalet: , som får svært negative konsekvensar for små kommunar og for distriktskommunane.
Innspel frå Fjellnettverket til NOU 2022: 10 Inntektssystemet (PDF, 121 kB)
Publisert 12.12.2022 09.35
Sist endra 23.02.2023 11.42