Fjellbygdene må få ein tydeleg plass
Kari Randen
Fjellområda spelar ei viktig rolle i utviklinga av fylka. Her blir det skapt verdiar gjennom landbruk, reiseliv og energiproduksjon, og fjellbygdene bidreg til både matberedskap, kraftforsyning og forvaltning av viktige naturressursar.
Samtidig har fjellkommunane særlege føresetnader knytte til geografi, avstandar, klima og busetjingsmønster. Dette påverkar mellom anna næringsutvikling, tenestetilbod, samferdsel og tilgang på kompetanse.
Fjellnettverket har sendt innspel til programkomiteane i Buskerud, Telemark, Trøndelag og Innlandet. Gjennomgangen av gjeldande program viser at mange parti løftar fram saker som er viktige for fjellbygdene, men at fjellområda sjeldan blir omtala som eigne område med særlege føresetnader og behov.
Forslag til formulering i programma
Styret i Fjellnettverket oppmodar partia om å ta inn denne formuleringa i dei nye programma:
«Fjellområda omfattar kommunar og bygder med særlege føresetnader knytte til geografi, busetjing og naturressursar. Skal heile fylket takast i bruk, treng fjellbygdene løysingar og verkemiddel som er tilpassa desse føresetnadene, for å sikre langsiktig busetjing, verdiskaping og berekraftig samfunnsutvikling.»
Styret meiner ei slik formulering vil bidra til å synleggjere fjellområda si betydning for verdiskaping, beredskap og busetjing, og gjere målet om å ta heile fylket i bruk meir konkret.