Kari Randen presenterer Fjellnettverket
Carsten Aleksander Øhrn/Buskerud fylkeskommune
Under møtet la dagleg leiar Kari Randen vekt på sentrale område som Fjellnettverket arbeider med:
Utvikling av politikk
Fjellnettverket jobbar aktivt med å påverke og utvikle politikk for fjellområda gjennom ulike kanalar som uttaler, direkte kontakt og bruk av nettverk og nøkkelpersonar. Nettverket arbeider for å finne nye løysingar og idear, basert på innspel frå medlemmane og eige initiativ.
Kunnskapsdeling
Ein viktig del av Fjellnettverkets arbeid er kunnskapsdeling. Dette inkluderer å arrangere møteplassar og nettverk der medlemmane kan diskutere og dele erfaringar. Eit døme på dette er Fjellkonferansen 2025, som vil finne stad i Hemsedal den 21.-22. august.
Satsing på tilflytting
Ein av dei største utfordringane for fjellbygdene er å tiltrekke seg unge menneske frå sentrale strøk. Fjellnettverket jobbar med felles innsats og har satt i gang forsking for å møte denne utfordringa og skape attraktive forhold for tilflytting.
Bondens bord
Eit av dei spennande initiativa til Fjellnettverket er Bondens Bord, som er ein heimrestaurant hjå bønder. Dette initiativet fremjar berekraftig bruk av lokale ressursar, inkludert ureist mat og bruk av eksisterande bygningar, samtidig som det kan gje inntekter..
Saman for levande og livskraftige fjellbygder
Fjellnettverket er ein arena for samarbeid og utvikling i fjellområda. Gjennom politisk arbeid, kunnskapsdeling og innovative initiativ, arbeider nettverket for å sikre levande og livskraftige fjellbygder.