Fjellnettverket søker gardsbruk til Bondens bord
Driv du gardsbruk i fjellet? Likar du å lage mat og formidle? Produserer du eigne råvarer? Fjellnettverket søker fleire gardbrukarar som vil vere med å teste ut ei ny serveringsordning der det er potensiale for auka inntekter og meir verdiskaping for gardsbruk i fjellet.
Tun Byrå
Fjellnettverket har starta ei prøveordning som kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Ordninga er etter modell frå Færøyane og har fått namnet Bondens bord. Ni gardsbruk frå fjellområda er godt i gang, og no ynskjer me fleire velkomne til å vere med.
Me ynskjer oss
- gardsbruk frå Innlandet, Telemark og Buskerud
- at serveringsaktiviteten som startar opp har utgangspunkt i eit gardsbruk i fjellet
- at maten lagast i eige (hushaldets) kjøken og serverast i eige (hushaldets) kjøken/ stue
- at eigne eller lokale råvarer er utgangspunkt for menyen
(Det er ein fordel om garden driv produksjon av eine råvarer som kan brukast i serveringa).
Me søker gardsbruk som
- er engasjerte, interesserte og har lyst til å prøve ut eit nytt konsept
- likar å lage mat og er glade i formidling
- er villge til å gå gjennom søknadsprosessar med Mattilsyn og kommune
- vil vere med på kurs og samlingar om matlaging, trygg mat, formidling og marknadsføring
- kan starte opp serveringsverksemda i løpet av sommaren
Kva tilbyr me:
- Tilgang til eit aktivt nettverk av andre som testar ut Bondens bord
- Kurs, møte og samlingar for å auke kunnskapen om tema knytt til Bondens bord
- Synleggjering av ordninga og dei som deltar
- Nettverk og fagfolk som hjelper deltakarane i gang
Kva gjer du viss du vil vere med:
Klikk på lenka og fyll ut søknadsskjema: Søknadsskjema Bondens bord
Søknadsfrist: 26. april.
Digitalt informasjonsmøte om ordninga: 30. april
Publisert av Elin Halland Simensen
Publisert 21.03.2024 16.10
Sist endra 12.04.2024 15.48