Emile Holba
Nye reisevanar skapar nye moglegheiter
I dag ynskjer stadig fleire å oppleve det autentiske og få opplevingar utanfor allfarveg. På Færøyane finst den suksessrike ordninga Heimablidni, der gardsbruk tilbyr matservering frå eige kjøken. Gjestene får smake på lokal færøysk mat og oppleve ekte gjestfridom. Denne ordninga har bidrege til auka turisme og vekst for færøyske verksemder.
Fjellnettverket har dei siste to åra testa ut ei liknande ordning i Noreg, og vår versjon har fått namnet Bondens bord. Erfaringane har vore fantastiske! Både gjester og gardsbruk er strålande nøgde med opplevinga. No opnar me opp og ynskjer fleire med på laget.
Vi ynskjer oss:
- Gardsbruk frå fjellkommunane i Innlandet, Telemark, Buskerud og Agder
- At serveringa har utgangspunkt i eit gardsbruk i fjellet
- At maten blir laga og servert på eige kjøken eller stove
- Menyar basert på eigne eller lokale produkt
(Det er ein fordel om garden produserer eigne råvarer som kan brukast i serveringa.)
Kva vi tilbyr:
- Tilgang til eit aktivt nettverk av andre med erfaring frå Bondens bord
- Kurs, samlingar og møteplassar for å auke kunnskapen om Bondens bord
- Synleggjering av ordninga og deltakarane
- Nettverk av fagfolk og gode hjelparar
Kort sagt – vi hjelper deg i gang!
Kva gjer du viss du vil vere med:
Klikk på lenkja og fyll ut søknadsskjemaet: Søknadsskjema Bondens bord
Søknadsfrist: 25. juni 2025
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.