Fjellnettverket støttar seterdrift inn på UNESCO

Fjellnettverket meiner seterdrift bør inn på Unesco si liste over levende kulturarv . Seterdrift er viktig for fjellbygdene og ein sentral del av kulturarven i fjellbygdene som det er verdt å ta vare på. Kari Randen  

For å ta vare på mattradisjonar, kompetanse, bygningar, landskap og historia knytt til stølslivet, trengs det setre i drift. Fjellnettverket er uroa over at talet på setre no er om lag 900 og arbeider for ein landbrukspolitikk som aukar bruken av utmarka og sikrar stølsdrift i framtida.

Rådsmøtet er Fjellnettverket sitt høgste organ og medlemmene i Fjellnettverket oppmodar UNESCOs mellomstatlege komité å ta seterkultur inn på UNESCO si liste over menneskeheitas immaterielle kulturarv.

Les støttebrevet frå Fjellnettverket (PDF, 86 kB)

Til toppen