Fjellkonferansen 2026 – årets viktigaste møteplass for fjellområda
20.–21. august | Straand Hotel, Vrådal
Fjellkonferansen samlar aktørar som arbeider med framtida i fjellområda.
To dagar med kunnskap, dialog og nye løysingar.
På Fjellkonferansen samlast sentrale aktørar for å drøfte utfordringar og moglegheiter i fjellområda – no og i åra som kjem.

Ein møteplass for kunnskap og fellesskap
Fjellkonferansen samlar aktørar frå fjellområda til to dagar med faglege perspektiv, erfaringsutveksling og gode samtalar. Konferansen legg til rette for dialog på tvers av kommunar, regionar og sektorar, og gir rom for både fagleg påfyll og uformelle møte.
Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget og samarbeidet som trengst for å sikre livskraftige fjellkommunar og fjellregionar i åra som kjem..
Årets tema og innhald
Fjellkonferansen 2026 tek opp sentrale spørsmål om korleis vi skal bruke, utvikle og forvalte fjellområda i framtida – og kven som tek vala.
Gjennom programmet løftar vi mellom anna fram:
- mat frå fjellet som ressurs og del av nasjonal beredskap, med vekt på fjellandbruk
- utvikling, næringsliv og nye moglegheiter i fjellområda
- erfaringar frå kommunar og aktørar som har fått til utvikling i praksis
- kva som skjer når ein kommune satsar – og kva det set i gang lokalt
- kven som bestemmer i fjellet, med vekt på areal, styring og handlingsrom
- ungdommens perspektiv på tilflytting, utvikling og framtid i distrikta
Sjå heile programmet her
Praktisk informasjon
Publisert 14.04.2026 09.12
Sist endra 04.06.2026 15.37