Fjellnettverket ber fylkespartia løfte fram fjellbygdene i nye program

62 fjellkommunar ligg i Buskerud, Telemark, Trøndelag og Innlandet. No ber Fjellnettverket alle fylkestingspartia om å synleggjere fjellområda i dei nye fylkesprogramma fram mot valet i 2027.

Fjellbygdene må få ein tydeleg plass

Fjellbygd med snø - Klikk for stort bilete Kari Randen

Fjellnettverket har gått gjennom gjeldande program for partia i dei fire fylka. Mange løftar fram saker som er viktige for fjellbygdene, som arbeidsplassar, landbruk, sjølvforsyning og levande lokalsamfunn. Dette har Fjellnettverket vist til i innspela til programkomiteane.

Fjellområda spelar ei viktig rolle i utviklinga av fylka. Her blir det skapt verdiar gjennom landbruk, reiseliv og energiproduksjon, og fjellbygdene bidreg til både matberedskap, kraftforsyning og forvaltning av viktige naturressursar. Difor meiner Fjellnettverket at fjellområda bør få ein tydeleg plass i dei nye fylkesprogramma

Forslag til formulering i programma

Styret i Fjellnettverket oppmodar partia om å ta inn denne formuleringa i dei nye programma:

«Fjellområda omfattar kommunar og bygder med særlege føresetnader knytte til geografi, busetjing og naturressursar. Skal heile fylket takast i bruk, treng fjellbygdene løysingar og verkemiddel som er tilpassa desse føresetnadene, for å sikre langsiktig busetjing, verdiskaping og berekraftig samfunnsutvikling.»

Styret meiner ei slik formulering vil gjere målet om å ta heile fylket i bruk meir konkret for fjellområda.