Fjellnettverket kritisk til forslag om endring av inntekter i kommunane

Det er kome fleire forslag til endringar i fordeling av inntekter til kommunane.  Forslaga i NOU 2022: 10 Inntektssystemet får negative konsekvensar for distriktskommunar og for små kommunar.  Summen av forslaga frå Inntektssystemutvalet vil auke sentraliseringa og vere eit hinder for berekraftig bruk av naturressursar, skriv Fjellnettverket i høyringssvaret. 

Bilde av penger - Klikk for stort bilde iStock

Det var i 2020 Solbergregjeringa oppretta Inntektssystemutvalet, som fekk i oppdrag å sjå på og vurdere fordeling av inntekter mellom kommunar. Arbeidet er ferdigsstilt og forslaga er lagt fram i NOU 2022: 10 Inntektssystemet. 

Fjellnettverket er kritisk til fleire av forslaga til utvalet: , som får svært negative konsekvensar for små kommunar og for distriktskommunane. 

Innspel frå Fjellnettverket til NOU 2022: 10 Inntektssystemet (PDF, 121 kB)

Til toppen