Klimatilpassing må styrkje både naturen og fjellsamfunna

Fjellkommunane merkar klimaendringane tidleg, og dei forvaltar ressursar heile landet er avhengig av. I høyringssvaret vårt til klimatilpassingsutgreiinga ber vi regjeringa ta meir omsyn til fjellområda, mellom anna gjennom betre førebygging og hjelp etter naturhendingar.

veg i fjellet - Klikk for stort bilete Emile Holba

Fjellnettverket har sendt høyringssvar til utgreiinga Norge i hardt vær – Samfunnsøkonomiske vurderinger av klimatilpasning. Der peikar vi på at fjellkommunane står i ei særstilling i møte med klimaendringane. Dei er blant dei som merkar konsekvensane tidlegast, samstundes som dei forvaltar naturressursar, matproduksjon, kraftproduksjon, transportkorridorar og beredskapsfunksjonar som heile samfunnet treng.

For oss handlar klimatilpassing ikkje berre om natur og infrastruktur, men om levande lokalsamfunn. Det er folka som bur og verkar i fjellet, som har kunnskapen, skaper verdiane og tek vare på fjellområda over tid.

Førebygging og hjelp i etterkant

Mange fjellkommunar har lite økonomisk handlingsrom til å gjennomføre nødvendige sikringstiltak. Når slike tiltak vernar vegar, kraftforsyning og andre verdiar som har betydning langt utover kommunegrensa, meiner vi at staten må ta ein større del av rekninga.

Erfaringane frå Nesbyen etter ekstremvêret «Hans» i 2023 viser kor lenge ein liten kommune kan bli ståande aleine med gjenoppbygginga. Vi føreslår derfor eit nasjonalt ambulerande team med erfaring frå tidlegare hendingar, som raskt kan kome kommunane til hjelp etter alvorlege naturhendingar.

I tillegg ber vi mellom anna om:

  • større vekt på regionale forskjellar i klimatilpassingsarbeidet
  • kortare behandlingstid for naturskadeerstatningar
  • rammevilkår for vertskapskommunar som står i forhold til kor mange som faktisk oppheld seg i kommunen gjennom året
  • ein balanse mellom vern, berekraftig bruk og lokal forvaltning av fjell- og utmarksressursane


Les heile høyringssvaret vårt nedanfor.

Støl på fjellet - Klikk for stort bilete Emilie Holba



Høyringssvar frå Fjellnettverket til Norge i hardt vær – samfunnsøkonomiske vurderingar av klimatilpassing

Fjellnettverket takkar for moglegheita til å gi innspel til rapporten Norge i hardt vær  – Samfunnsøkonomiske vurderinger av klimatilpasning.

Fjellnettverket er eit nettverk for kommunar, interkommunale politiske råd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å setje viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. Dei over 100 fjellkommunane dekkjer om lag 40 prosent av arealet i fastlands-Noreg. Fjellkommunane har ei sentral rolle innan naturforvaltning, matproduksjon, kraftproduksjon, reiseliv og beredskap, og forvaltar ressursar og samfunnsfunksjonar av stor verdi for både innbyggjarar, tilreisande og storsamfunnet.

Rapporten viser at klimaendringane rammar fjellområda på fleire nivå. Fjellnaturen er særleg sårbar, samtidig som fleire av samfunnsområda utvalet peikar på som særleg utsette står sentralt i fjellkommunane. Dette gjeld mellom anna landbruk, kraftproduksjon, samferdsel og reiseliv, som utgjer grunnlaget for verdiskaping, sysselsetjing og busetnad.

Fjellkommunane har ei dobbel rolle i klimatilpassinga: Dei er blant dei som merkar konsekvensane tidlegast, samstundes som dei forvaltar ressursar og samfunnsfunksjonar resten av landet er avhengig av. Denne rolla bør få større merksemd i den vidare oppfølginga.

Fjellnettverket vil understreke at berekraftig forvaltning av fjellområda krev levande bygder og lokalsamfunn. Dei som bur og verkar i fjellet, bidreg med kunnskap, forvaltning og verdiskaping som er avgjerande for å ta vare på naturressursane. Å styrkje fjellsamfunna er derfor god distriktspolitikk og god natur-, klima- og beredskapspolitikk. Klimatilpassing i fjellområda må sjå naturforvaltning og levande lokalsamfunn som to sider av same sak.

Fjellkommunane vil møte fleire av dei mest kostnadskrevjande konsekvensane av klimaendringane, særleg knytt til flaum, skred, erosjon, infrastruktur og press på fjelløkosystem og kulturlandskap. Rapporten viser at klimautfordringane varierer geografisk, og at lokale forhold er avgjerande for både utfordringar og løysingar.

Kapittel 5.2 Økosystem

Utvalet peikar på at klimaendringane allereie påverkar norske økosystem, særleg i fjellområde, kystvatn og hav, og at påverknaden vil auke i åra framover.

Utvalet tilrår å redusere den samla belastninga på naturen, og peikar på vern som eitt av fleire moglege verkemiddel. Auka vern og strengare arealforvaltning kan isolert sett bidra positivt til klimatilpassing. Fjellnettverket er uroa for at utviding av eksisterande verneområde og oppretting av nye verneområde blir nytta som hovudverkemiddel for å redusere den samla belastninga på naturen. Dei felles verdiane i fjell- og utmarksressursane våre, som i dag bidreg positivt til lokal verdiskaping gjennom aktiv bruk og god lokal forvaltning, blir dermed reduserte for framtidige generasjonar og kan få utilsikta verknader på sikt.

Fjellnettverket meiner at klimatilpassing og naturforvaltning må byggje på ein balanse mellom vern, berekraftig bruk og lokal forvaltning, slik at naturverdiar, verdiskaping og levande lokalsamfunn kan utviklast i samspel.

Fjellnettverket meiner eit premiss bør ligge til grunn for klimatilpassinga av fjellnaturen: god forvaltning av fjellområda skjer best når det bur folk i og nær fjella, med kunnskap om og interesse for eigne område. Fråflytting og svekt busetnad i fjellkommunane utfordrar ikkje berre næringsgrunnlaget, men òg moglegheita til å forvalte fjelløkosystema på ein god måte over tid. Fjellnettverket meiner klimatilpassingsarbeidet må sjå økosystemforvaltning og levande fjellbygder som to sider av same sak, ikkje som separate mål. Ein politikk som bidreg til fråflytting, vil over tid svekkje forvaltninga av dei økosystema utvalet peikar på som særleg utsette.

Kapittel 1.5.6 Regional variasjon

Fjellnettverket støttar utvalet si vurdering av at regionale analysar har større praktisk verdi for klimatilpassingsarbeidet enn nasjonale gjennomsnitt. Utvalet peikar på at konsekvensane av klimaendringane varierer betydeleg geografisk, og at lokale føresetnader har stor betyding for korleis klimaendringane faktisk verkar inn på samfunn og natur.

Fjellnettverket vil understreke at klimatilpassing må byggje på ulike geografiske føresetnader. Tiltak og verkemiddel som er treffsikre i tettbygde område er ikkje nødvendigvis like relevante i fjell- og distriktskommunar. Oppfølginga må derfor gi rom for regionale tilpassingar og lokal fleksibilitet.

Kapittel 5.5 og 9.5 Jordbruk

Utvalet vurderer at klimaendringane både kan gi nye moglegheiter og nye utfordringar for jordbruket, med auka risiko knytt til ekstremvêr, erosjon, sjukdommar, skadedyr og tap av jordbruksareal.

Fjellnettverket støttar utvalet si tilråding om å integrere klimatilpassing i større grad i jordbrukspolitikken, med mål om mattryggleik og beredskap, og meiner dette bør følgast opp konkret i klimatilpassingsplanar og landbrukspolitiske verkemiddel.

Fjellandbruket skil seg frå mykje av jordbruket i andre delar av landet ved at produksjonen i stor grad er basert på grasressursar, beite og utmark, der areal som ikkje er eigna til annan matproduksjon blir tekne i bruk. Fjellnettverket meiner klimatilpassingstiltak i jordbruket må ta omsyn til desse naturgitte føresetnadene. Jordbrukspolitikken må leggje til rette for fleksibel drift og omstilling som byggjer på lokale ressursar og berekraftig utnytting av utmarksareala. Samtidig må matproduksjon i heile landet oppretthaldast.

Kapittel 5.9 og 9.9 Kraft

Utvalet vurderer at klimaendringane kan gi auka vasskraftproduksjon som følgje av større tilsig, men at ekstremvêr samtidig kan føre til skadar på straumnett og anlegg.

Fjellnettverket vil peike på at mange fjellkommunar er vertskap for både vasskraftproduksjon og eksponert kraftnett i skredutsett og bratt terreng, samtidig som dei har ei viktig rolle som vertskapskommunar for fritidsinnbyggjarar og reiseliv som er avhengige av stabil kraftforsyning. Behovet for robust nett og reservekraft i fjellområda bør derfor vurderast særskild i den vidare oppfølginga.

Kapittel 5.10 og 9.10 Samferdsel og transport

Fjellnettverket støttar utvalet si vurdering av at klimaendringane vil medføre auka kostnader knytte til flaum, skred, reparasjonar, vedlikehald og driftsforstyrringar i transportsektoren.

For mange fjellkommunar fungerer riks- og fylkesvegar både som lokale ferdselsårer og som viktige nasjonale transportkorridorar. Når slike samband blir stengde som følgje av naturhendingar, får det konsekvensar for innbyggjarar, næringsliv, beredskap og reiseliv.

Fjellnettverket meiner at førebyggjande sikringstiltak må prioriterast høgare, og at klimatilpassing må inngå som ein naturleg del av planlegginga av vedlikehald og investeringar i transportinfrastrukturen.

Mange fjellkommunar har avgrensa økonomisk handlingsrom til å gjennomføre nødvendige førebyggjande sikrings- og klimatilpassingstiltak. Når slike tiltak vernar nasjonale transportårer, kraftforsyning eller andre verdiar som har betydning langt utover kommunegrensene, meiner Fjellnettverket at staten bør ta ein større del av finansieringsansvaret. Kommunane treng støtte til førebygging før flaum- og skredhendingar oppstår, ikkje berre erstatning og bistand i etterkant.

Kapittel 5.12 og 9.12 Reiseliv

Utvalet vurderer at Noreg kan bli eit meir attraktivt reisemål som følgje av klimaendringar andre stader i verda. Utvalet meiner òg at auka turisme kan gi større belastning på natur, infrastruktur og lokalsamfunn.

Mange fjellkommunar er viktige reiselivsdestinasjonar og vertskap for store fritidsbustadområde. Konsekvensen for fjellkommunane er at befolkninga i store delar av året langt større enn talet på fastbuande innbyggjarar. Kommunane må derfor dimensjonere beredskap, redningstenester, vegnett, vatn- og avløpsanlegg og annan kritisk infrastruktur for langt fleire menneske enn folketalet tilseier.

Fritidsbustader og deltidsinnbyggjarar er ein ressurs som kan nyttast betre i beredskapsarbeidet dersom kommunane har tilstrekkeleg oversikt, kontaktkanalar og beredskapsplanar. Fjellnettverket meiner òg at finansiering av beredskap og klimatilpassing i større grad må ta omsyn til det faktiske talet på menneske som oppheld seg i kommunen gjennom året, særleg i høgsesong.

Fjellnettverket meiner dette perspektivet bør få større merksemd i det vidare arbeidet med klimatilpassing. Framtidige finansieringsordningar og verkemiddel bør i større grad ta omsyn til den faktiske belastninga på vertskapskommunar med stor fritidsbefolkning og omfattande reiselivsverksemd.

Kapittel 5.13 og 9.13 Samfunnssikkerheit og beredskap

Fjellnettverket støttar utvalet si vurdering av at klimaendringane vil leggje større press på samfunnskritisk infrastruktur og beredskapstenester, og at fleire og meir omfattande ekstremvêrhendingar utfordrar kapasiteten i beredskapssystema.

Klimaendringar kan føre til samansette hendingar der vegsamband, kraftforsyning og elektronisk kommunikasjon blir råka samtidig. I mange fjellområde finst det få alternative samband dersom slik infrastruktur sviktar. Fjellnettverket meiner det er behov for heilskaplege risikoanalysar og prioriterte tiltak på tvers av sektorar for å styrkje robustheita i samfunnskritiske samband i fjellområda.

Utvalet peikar på at mindre kommunar opplever å stå meir aleine i arbeidet med normalisering, opprydding og gjenoppbygging etter den akutte fasen, og tilrår derfor både vidare satsing på varslingstenester og eit nasjonalt system for evaluering og oppfølging etter alvorlege klimarelaterte hendingar.

Erfaringane frå Nesbyen kommune etter ekstremvêret Hans i 2023 stadfester dette. Gjenoppbygginga har kravd store administrative og økonomiske ressursar over lang tid, langt utover det ein kommune normalt har kapasitet til å handtere på eiga hand. Fjellnettverket meiner dette illustrerer behovet for meir enn evaluering og læring på systemnivå: vi foreslår at det blir etablert eit nasjonalt ambulerande team med erfaring frå tidlegare hendingar, som raskt kan bistå kommunar i den krevjande perioden etter alvorlege naturhendingar.

Kapittel 10.6 og 11.2.5 Forsikring, fordeling og ansvar/insentiv

Fjellnettverket støttar solidaritetsprinsippet i naturskadeforsikringa, der brei forsikringsdekning skal vege tyngre enn risikobaserte premiar. Dette er avgjerande for fjellkommunane, som ofte er både særleg utsette for naturfare og samtidig forvaltar naturressursar, transportkorridorar, kraftressursar og reiselivsdestinasjonar av nasjonal verdi. Klimaendringane må ikkje føre til at busetnad og næringsverksemd i slike område blir urimeleg belasta gjennom høgare kostnader som følgje av geografisk plassering aleine.

Gode naturskadeordningar handlar om økonomisk dekning, men òg om korleis ordningane fungerer i praksis. Mange kommunar, grunneigarar og verksemder opplever lange behandlingstider i statens naturskadeerstatningsordning etter flaum-, skred- og naturskadehendingar. Lang ventetid fører til uvisse og kan forseinke gjenoppbygging, investeringar og vidare utvikling i lokalsamfunn som allereie er hardt råka. Fjellnettverket meiner derfor at regjeringa bør vurdere korleis kapasiteten og effektiviteten i statens naturskadeforvaltning kan styrkjast slik at behandlingstida blir redusert i takt med at talet på naturskadesaker aukar.

Fjellnettverket støttar utvalet si tilråding om å gjennomgå ansvarsfordelinga mellom forsikringsselskap, privatpersonar og kommunar ved relokalisering etter naturhendingar, og vil peike på at belastninga på enkeltkommunar etter ekstremvêr ofte blir uforholdsmessig stor.

Fjellnettverket ber regjeringa om å:

  • vektleggje regionale forskjellar i klimatilpassingsarbeidet
  • anerkjenne fjellkommunane si viktige rolle for naturforvaltning, matproduksjon, energi, transport og beredskap
  • sjå levande lokalsamfunn og god forvaltning av fjellnaturen som gjensidig avhengige
  • styrkje klimatilpassinga av fjellandbruket og sikre matproduksjon i heile landet
  • vurdere behovet for robust kraftnett og reservekraft i fjellområda særskild
  • prioritere robuste løysingar for transport og annan kritisk infrastruktur i fjellområda
  • sikre at vertskapskommunar for reiseliv og fritidsbustader får rammevilkår som står i forhold til oppgåvene dei har
  • etablere eit nasjonalt ambulerande team som kan stille med kompetanse og kapasitet for kommunar i gjenoppbygging og oppfølging etter alvorlege naturhendingar
  • vidareføre solidaritetsprinsippet i naturskadeordningane og redusere behandlingstida for naturskadeerstatningar
  • sikre finansieringsordningar for førebyggjande klimatilpassingstiltak der kommunale tiltak vernar nasjonalt viktig infrastruktur og samfunnsfunksjonar
  • sikre heilskaplege risikoanalysar og samordna klimatilpassing av veg, kraftnett og elektronisk kommunikasjon i fjellområde med få alternative samband
  • sikre at oppfølginga av natur- og klimamål byggjer på ein balanse mellom vern, berekraftig bruk og lokal forvaltning av fjell- og utmarksressursane

Fjellnettverket oppmodar regjeringa til å leggje desse perspektiva til grunn i den vidare oppfølginga av utgreiinga og sikre at klimatilpassingsarbeidet tek omsyn til dei særlege utfordringane og rollene som fjellkommunane har som vertskap for nasjonale naturressursar, matproduksjon, beredskap, reiseliv og busetnad.

Styret i Fjellnettverket