Møtet er open for alle som jobbar eller bur i ein kommune, eit fylke eller eit interkommunalt råd som er medlem i Fjellnettverket. Her er alle velkomne, uavhengig av rolle, fagområde eller bakgrunn.
Program
Orientering frå Fjellnettverket
Program
Orientering frå Fjellnettverket
Oppdatering på sentrale prosessar, statsingar og møteplassar framover
Kvifor vel folk fjellet?
Aleksander Bern frå Østlandsforskning presenterer kva me veit om kva som skal til for at folk flyttar med utgangspunkt i studien Å velge fjellet.
Bygda som snudde utviklinga – erfaringar frå Skurdalen
I Skurdalen i Hol kommune har dei klart å snu folketalsnedgangen og skapa vekst. Sidan 2019 har det kome 68 nye innbyggjarar og 27 nye husstandar. Mari Fjørtoft Bjørnstad deler kva tilflytterane spør etter og ynskjer seg før dei flyttar, kva som skal til for å få folk til å busette seg i bygda og korleis dei har mobilisert frivilligheit og fellesskap.
Praktisk informasjon
Det er gratis å delta.
Samlinga blir ikkje tatt opp.
Det blir tid til spørsmål, slik at du kan ta opp det som er relevant for din kommune eller ditt arbeid.
Dato: 27. februar
Tid: 09.00-10.30
Stad: Digitalt (Teams)
Påmelding: Meld deg på denne lenka
Hjartleg velkomen!