Store prosjekt, lokale moglegheiter

Korleis kan kommunen bidra til at små leverandørar samarbeider og vinn oppdrag? Erfaringar frå Nore og Uvdal.

Korleis kan kommunen bidra til at lokale bedrifter står sterkare når nye moglegheiter oppstår?

store prosjekt, lokale mogelegheiter bilde av Målfrid Toeneiet og Soveig Kongsjorden - Klikk for stort bilete

I Nore og Uvdal har kommunen og næringsapparatet arbeidd målretta for å styrkje samarbeidet mellom lokale leverandørar og byggje kompetanse for å møte større oppdrag. Erfaringane handlar ikkje berre om store utbyggingsprosjekt, men også om korleis kommunar kan leggje til rette for samarbeid, nettverk og næringsutvikling over tid.

I dette webinaret deler næringssjef Målfrid Toeneiet og prosjektleiar Solveig Kongsjorden erfaringar frå arbeidet. Kva har fungert? Kva rolle kan kommunen spele? Og korleis kan lokalt næringsliv bli betre rusta til å gripe nye moglegheiter når dei kjem?

Webinaret er relevant for kommunar, næringsselskap, næringshagar og andre som arbeider med næringsutvikling i fjellregionane.

Innleiarar

  • Solveig Kongsjorden, prosjektleiar, Buskerud Næringshage
  • Målfrid Toeneiet, næringssjef, Nore og Uvdal kommune

 

Det er gratis å delta - men krev påmelding. Meld deg på