Webinar om sal av lokalmat

Salet av lokalmat og drikke har auka jamnt og trutt dei siste åra og målet om ei årleg omsetning på 5 milliardar kroner på landsbasis er nådd for lengst. Uro i Europa og prisauke påverkar både dei som produserar og dei som er kjøparar av lokalmat. 

Lokale råvarer Kathrine Dokken

På webinaret fekk me presentert tal og status for korleis det det går med salet av lokalmat. Me fekk høyre om utfordringar, mogelegheiter og korleis det kan vere lurt å spreie risikoen ved å selje produkta i fleire kanalar og marknadar.

Foredragshaldarar: 

  • Petter Bjørgan frå Stiftinga Norsk Mat

        Status for salet av lokalmat og mogelegheiter

  • Anette Svastuen frå Gudbrandsdalsmat

        Salsutvikling, utforderingar og mogelegheiter

  • Jarle Rueslåtten frå Rueslåtten Ysteri

        Erfaringar frå sal og tankar om framtida

  • Elin Halland Simensen, projektleiar i Fjellnettverket leia seminaret