Kari Randen
Universitetet i Bergen, i samarbeid med Bygdeliv, har sett i gang eit forskingsprosjekt om ubebodde småbruk i Noreg. Målet er å få betre innsikt i kva småbruka betyr for eigarane, og kva som eventuelt kan gjerast for å gjere fleire bruk tilgjengelege for utleige eller sal.
I mange bygder og fjellområde finst det eit stort tal småbruk som står tomme. Samstundes er interessa for å bu på småbruk aukande, både blant tilflyttarar og folk som ønskjer eit liv nærare naturen. Likevel er det få småbruk som blir lagt ut for sal eller utleige.
Gjennom prosjektet ynskjer dei å forstå kva som ligg bak dette – og kva som kan bidra til at fleire småbruk blir tatt i bruk igjen.
Undersøkinga rettar seg mot eigarar av småbruk
Dei ynskjer å høyre frå deg som eig eit småbruk – om dine tankar, erfaringar og planar. Du kan også melde interesse for å delta i intervju, der vi går djupare inn i tematikken.
👉 Trykk her for å delta i spørjeundersøkinga
Alle svar blir behandla konfidensielt. Undersøkinga er open for småbrukseigarar over heile landet.