Forslag frå Fjellnettverket opp i Euromontana

Styreleiar i Fjellnettverket Tine Norman og styremedlem Hanne Velure er styremedlemmer i Euromontana. No har dei hatt sitt første ordinære styremøte og Tine Normann presenterte Fjellnettverket sitt arbeid om tilflytting frå sentrale strøk til fjellområda og ba om innspel og samarbeidspartar. 

bilde av adminsitrasjon og politiske representantar i Brussel - Klikk for stort bileteHanne Velure frå Innlandet fylkeskommune, Tine Norman frå Buskerud fylkeskommune, Torunn Kornstad adminstrasjon Innlandet fylkeskommune og Johanne Meyer adminstrasjon Buskerud fylkeskommune på plass i Brûssel for styremøte i Euromontana

 

  • Det er gøy å vere ordentlig i gang, seier styreleiar i Fjellnettverket og nyvald medlem i styret i Euromonata Tine Norman. Ho ser mange felles utfordringar og mogelegheiter for fjellområda i Euromontana. 


Det vart vedteke ny strategi for samarbeidet i Euromontana. Dei norske representantane fekk inn demografi som eit nytt område å arbeide med framover. Dei prioriterte satsingsområdene er: klimaendring, energibruk husdyrhold, jordbruk og matproduksjon og demografi. 

Fjellområda i Noreg har mange fellestrekk med fjellområda i Europa og dei fleste av desse er organisert i Euromonata. 

Euromontana

Euromontana er ein europeisk organisasjon for samarbeid og utvikling av fjellområda. Euromontanas formål er å arbeide for levende fjellområde og berekraftig utvikling og livskvalitet for innbyggerane.

72 organisasjonar frå 19 europeiske land er medlemmer i Euromontana, både inkluderer internasjonale, nasjonale og regionale organisasjonar.

Fjellnettverket har ansvaret for å koordinere fellessaker frå dei norske medlemmene opp mot Euromantana. Fra Noreg er følgande medlemmer i Euromontana:

  • Buskerud fylkeskommune 
  • Innlandet fylkeskommune 
  • Telemark fylkeskommune 
  • Vestland fylkeskommune
  • Østlandsforskning 

 

Tine Normann (Buskerud fylkeskommune) Hanne Velure (Innlandet fylkeskommune) og Kjell Overvåg (Universitetet i Innlandet) er dei norske styrerepresentantar i Euromonana.