Forslag til ny plan og bygningslov

Fjellnettverket meiner forslaget til ny plan og bygningslov frå Kommunal og moderniseringsdepartementet ikkje tek nok omsyn til situasjonen i fjellområda. Fjellnettverket ber departementet om å supplere forslaget med ordningar og regelverk som er betre egna for fjellkommunar. Fjellnettverket foreslår at forslaget utvidast slik at ein sikrar at det nye regelverket er relevant både for bygd og by.

Fjellnettverket meiner plan- og bygningslova og ordningar som utbyggingsavtale bør vere slik innretta at dei kan bli eit sentralt verktøy for å legge til rette for lokal og regional utvikling i distrikta.

Bruken av fritidsbustader og kravet til infrastruktur har endra seg over tid. Sidan 90-talet har endringane i måten nordmenn brukar og byggjer fritidsbustader endra seg: Frå små hytter med enkel standard, til ein bustad nummer to, med høg standard. Krav til infrastruktur har auka og nye regelverk kring dette må ta omsyn til at det er store skilnader mellom bygd og by.

Fjellnettverket ber Kommunal og moderniseringsdepartementet sjå nærare på desse utfordringane og ein eventuell tilleggsutgreiing for å vidareutvikle plan og bygningslova i høve fjell og reiselivskommunane i distrikta. 

Les innspelet frå Fjellnettverket (PDF, 118 kB)