Stortinget
Innsikt frå kommunekommisjonen
Ivar Prestbakmo, medlem av kommunekommisjonen, presenterte hovudfunn frå den første delrapporten og peika på sentrale utfordringar og vegval framover.
Blant tema som vart løfta fram:
- Store demografiske endringar, med fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder
- Statleg styringstrykk og korleis dette påverkar kommunane
- Mangel på arbeidskraft, spesielt i helse og omsorg framover
- Behov for betre balanse mellom nasjonale krav og lokale prioriteringar
Relevant for fjellkommunane
Diskusjonen viste at fleire av utfordringane kommisjonen peikar på treff fjellkommunane spesielt
- press på arbeidskraft og kompetanse
- behov for nye og fleksible løysingar
- Omfanget av statlege krav og styring
Dette er tema som vil vere viktige inn mot det vidare arbeidet i kommunekommisjonen. Fjellnettverket kjem til å arbeide vidare med å kome med innspel til arbeidet.
God deltaking og engasjement
Møtet samla brei deltaking frå:
- kommunar og interkommunale råd
- fylkeskommunar
- statsforvaltarar og statlege aktørar
- næringsliv og utviklingsmiljø
Det vart sett av tid til spørsmål og dialog, og innspela frå deltakarane viser stor interesse for korleis kommisjonen sitt arbeid vil påverke utviklinga i fjellområda framover.
Vil du få oppdatering om framtidige arrangement i Fjellnettverket - meld deg på nyhetsbrevet: Vil du halde deg oppdatert?