27. februar kl. 09.00–10.30 | Digitalt møte
Fjellnettverket gjennomførte 27. februar eit digitalt møte med fokus på tilflytting, forsking og utviklingsarbeid i fjellområda. Møtet samla brei deltaking frå kommunar, fylkeskommunar, statlege aktørar, forskingsmiljø og utviklingsaktørar frå heile landet.
Kunnskap om kvifor folk flyttar til fjells
Aleksander Bern frå Østlandsforskning presenterte funn frå studien Å velge fjellet. Studien er gjennomført som ein del av tilflyttingsarbeidet i Fjellnettverket, finansiert i samarbeid med regionråda i Hallingdal, og gir ny innsikt i kva som påverkar val om å flytte til fjellkommunar.
Forskingsarbeidet peikar særleg på:
- ei søken etter fridom og mindre stress i kvardagen
- ønskje om nærleik til natur og ein aktiv livsstil
- behov for bustad med plass og moglegheit til å skape noko sjølv
- betydninga av tilhøyrsle, fellesskap og å kjenne seg velkomen
Studien viser òg at tilgang på bustad, arbeid og gode oppvekstvilkår er avgjerande for at folk faktisk vel å flytte. Kunnskapen inngår i grunnlaget for vidare arbeid med tilflytting i fjellområda.
Erfaringar frå Skurdalen – tilflytting i praksis
Mari Fjørtoft Bjørnstad delte erfaringar frå prosjektet Bu i Skurdalen, eit lokalt initiativ basert på frivillig innsats og målretta arbeid med tilflytting.
Sidan oppstarten har bygda fått:
- over 70 nye innbyggjarar og rundt 30 nye husstandar
- fleire nye bustader og auka aktivitet lokalt
Innlegget løfta fram nokre sentrale suksessfaktorar:
- aktiv oppfølging av interesserte tilflyttarar
- tilgang på bustader og moglegheit for å “prøvebu”
- sterk satsing på inkludering og fellesskap
- synleggjering av kva bygda kan tilby
Erfaringane viser korleis lokalt engasjement og systematisk arbeid kan bidra til å snu utviklinga i små lokalsamfunn.
God deltaking og engasjement
Møtet samla deltakarar frå heile landet, med representantar frå kommunar, fylkeskommunar, statlege aktørar, forskingsmiljø og næringsliv. Det vart sett av tid til spørsmål og dialog, og engasjementet viser stor interesse for korleis kunnskap og erfaring kan omsetjast til konkret arbeid i eigen kommune.
Vil du halde deg oppdatert på kva som skjer i Fjellnettverket framover - meld deg på nyheitsbrevet vårt: Vil du halde deg oppdatert?