Deltakarane fekk høyre erfaringar frå sommarsesongane på Langedrag Naturpark, Brimi sæter og Kråkeroe-staulen/Flatdal Meieri. Innleiarane delte innsikt i korleis dei har tilpassa seg ei krevjande tid, og kva moglegheiter dei ser framover for reiseliv og matproduksjon i fjellområda.
Det blei òg sett fokus på framtidsutsiktene for reiselivet i fjellet, samt Fjellnettverket sitt arbeid med prosjektet «Mat og opplevingar».
Innleiarar på webinaret var:
- Tuva Thorson, Langedrag Naturpark
- Sondre Aasan, Kråkeroe-staulen/Flatdal Meieri
- Hans Brimi, Brimi sæter
- Knut Fossgard, Viken fylkeskommune
- Elin Halland Simensen, Fjellnettverket
Webinaret gav eit godt grunnlag for vidare arbeid med å styrke koplinga mellom lokal matproduksjon og opplevingsbasert reiseliv i fjellområda.