Gjennomført. Webinar om grønsaksproduksjon, potet og jordhelse i fjellet
Webinaret om grønsaksproduksjon, potet og jordhelse i fjellet er no gjennomført, med godt oppmøte frå bønder og fagmiljø frå heile landet. Målet var å gi innsikt i korleis bønder i fjellområda driv produksjon og tar vare på jordhelsa.
Nyhausta grønsaker
Marit Nerol
Deltakarane fekk høyre både praktiske erfaringar og forskingsbasert kunnskap om dyrking i krevjande, men viktige område. Gjennom webinaret blei det vist korleis ein kan kombinere grønsaks- og potetproduksjon med berekraftig jordforvaltning.
Blant innleiarane var Nils Erik Sandblost frå Oppdal, som delte erfaringar frå potetproduksjon i kombinasjon med sauehald. Eivind Øvrelid frå Skjåk gav eit innblikk i økologisk grønsaksdyrking, medan Marit Nerol frå Nerol gard og Ingunn Medgard frå Ål markedshage presenterte ulike modellar for marknadshage og andelslandbruk i Hallingdal
Webinaret tok også opp jordhelse og mikroorganismar, gjennom innlegg frå professor Kamran Shalchian-Tabrizi ved Universitetet i Oslo. Han delte forskingsbasert kunnskap om korleis jordliv påverkar avling, jordstruktur og berekraftige løysingar i landbruket.
Undervegs var det god dialog og høve til å stille spørsmål, med særleg interesse for tema som klimautfordringar, sortsval og gjødselstrategiar.
Webinaret gav deltakarane nyttige perspektiv og eit godt grunnlag for vidare arbeid med berekraftig produksjon av grønsaker og potet i fjellområda.
Publisert 13.08.2024 16.24
Sist endra 05.05.2026 10.35