Gjennomført. Webinar om sal og salskanalar for lokalmat
Webinaret “Sal og salskanalar for lokalmat” er no gjennomført, med deltakarar frå heile landet. Målet med webinaret var å gi auka innsikt i korleis lokalmatprodusentar kan nå kundane sine og styrke lønsemda gjennom gode val av salskanalar.
Emile Holba
Deltakarane fekk høyre erfaringar frå både produsentar og aktørar i reiselivet. Gjennom konkrete døme blei det vist korleis ulike salsmodellar fungerer i praksis – frå gardsbutikk og direktesal til samarbeid med restaurantar og felles salsløysingar.
Blant innleiarane var Marianne Rønning frå Tørresvangen gard, som delte erfaringar frå gardsysteriet og utsalet dei har bygd opp. Sigurd Vassenden frå Grønt frå Grindal fortalte om korleis ein marknadshage arbeider med ulike salskanalar, medan Gro Rudi frå Uvdalsbonden presenterte samarbeid om felles salsplattform for fleire produsentar.
Frå reiselivsnæringa gav John Erik Aaby ved Vestlia Resort innblikk i kva restaurantar legg vekt på når dei vel leverandørar av lokalmat, og korleis produsentar kan bli meir relevante for denne marknaden.
Undervegs var det rom for spørsmål og diskusjon, med tema som prissetjing, marknadsføring og samarbeid mellom produsentar og kjøparar.
Webinaret gav deltakarane nyttige perspektiv og eit godt grunnlag for vidare arbeid med å utvikle sal av lokalmat i fjellområda.
Publisert 02.12.2024 15.55
Sist endra 05.05.2026 09.21