Fjellnettverket har sendt følgjande innspel til utvalet.
Inntektssystemet for kommunane er avgjerande for å sikre innbyggjarar gode tenester over heile landet. God og langsiktig finansiering og lokalt handlingsrom er naudsyn for å styrke næringsutvikling, innovasjon og skape gode lokalsamfunn. For fjellområda er det spesielt tre område som er viktige: Vilkåra for distriktskommunane, dimensjonering av tenester etter brukartal og inntekter frå naturresursar.
Auka inntekter nødvendig for distriktskommunane
NOU 2020: 12 - Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn frå Distriktsnæringsutvalet viser at veksten sysselsetting i offentleg sektor har skjedd på ein slik måte at sentraliseringa har gått snøggare. Samla har fjellkommunane hatt 8,9 prosentpoeng svakare arbeidsplassvekst enn landet dei siste ti åra. Det er svakare enn kommunane i sentralitetsklasse 6, som er dei minst sentrale kommunane i landet[1].
Fjellnettverket er uroa for utviklinga i fjellområda. Utfordringar som færre i arbeidsfør alder, fråflytting, fødselsunderskot og mangel på arbeidskraft med relevant kompetanse, rammar fleirtalet av fjellkommunane. Befolkningsframskrivingane frå Telemarksforsking viser at fleire av desse negative trekka truleg kjem til å forverre seg framover.
Som demografiutvalet si utgreiing i NOU 2020:15 Det handler om Norge viser, må små distriktskommunar ofte ta eit ansvar for fleire og andre oppgåver enn i større kommunar, og Fjellnettverket er samde med utvalet i at Inntektssystemutvalet bør vurdere om det er høgare kostnader i distriktskommunar som inntektssystemet bør ta høgde for.
Skal distriktskommunane og fjellområda klare å oppretthalde gode tenester framover og skape gode, attraktive lokalsamfunn, trengs det auke inntekter lokalt.
Naturressursar
Distrikta og fjellområda forvaltar store naturressursar på vegner av heile landet. Bruk av desse ressursane kjem heile samfunnet til gode og er sentralt for å bremse oppvarminga og gjennomføre det grøne skiftet. Bruk av naturressursar medfører ulemper for lokalsamfunnet, og vertskommunane bør kompenserast med inntekter som kjem lokalsamfunna til gode.
Fjellnettverket viser til distriktsnæringsutvalet si utgreiing, NOU 2020:12- Næringslivets betydning for levende og berekraftige distriktssamfunn og støttar utvalet i at kommunar som avstår frå verdifulle naturressursar til storsamfunnet, må få behalde ein større del av verdiskapinga. Desse inntektene bør haldast utanom inntektsutjamningssystemet. Dette vil gi kommunane insentiv til å leggje til rette for å nytte naturressursar og med det føre til auka verdiskaping.
Brukartal og innbyggartal
For fjellkommunane og andre distriktskommunar er det ei spesiell utfordring at overføringane til kommunane baserer seg på innbyggjarar og ikkje på faktiske brukarar.
Utfordringa har auka over tid. Sidan 90-talet har endringane i måten nordmenn byggjer og brukar fritidsbustader på, endra seg: Frå små hytter med enkel standard til bustad nummer to. Fritidsinnbyggjaren brukar mykje tid på hytta og i kommunen hytta ligg i. Mange fjellkommunar får mangedobla innbyggjartalet i høgsesongane. Kommunar får fleire positive ringverknader av fritidsbustadene, men òg store utgifter: Legevakt, heimesjukepleie, plan- og byggesaksbehandling og beredskap er områder der ein stor del av fjellkommunane har høgare utgifter på grunn av fritidsinnbyggerane.
I 2020 vart denne situasjonen satt på dagsorden og innføring av hytteforbodet, som førte til stor debatt og eit auka konfliktnivå mellom innbyggarar og fritidsinnbyggerar. Vårt ønske er at fjellbygdene skal vere i stand til å tilby både fastbuande og fritidsinnbyggerane gode tenester.
For mange av kommunane er brukartalet svært ulikt avhengig av sesong. Det fører til utfordringar med bemanning og ekstra utgifter for kommunen. Problemstillinga er òg knytt til vatn, avløp og renovasjon, der anlegg og tenester må dimensjonerast etter talet på brukarar og ikkje innbyggarar. Å oppretthalde kapasitet fører det til ekstra utgifter for kommunane og for dei som bur fast i kommunen.
Fjellnettverket meiner derfor at brukartal bør leggast til grunn for statlege overføringar til kommunar med mange fritidsbustader.
Fjellnettverket oppmodar Inntekstssystemutvalet til å:
- Auke inntektene til distriktskommunane slik at ein sikrar gode tenester over heile landet.
- Kompensere naturinngrep og sikre at den rettmessige del av verdiskapinga knytt til bruk av naturressursar kjem lokalsamfunna til gode.
- Legge brukartal til grunn for finansiering av offentlege tenester.
[1] Fjellindeksen. www.regionalanalyse.no/fjell