Høyringssvar frå Fjellnettverket: Forslag om endring i plan og bygningsloven -Forbod mot bygging i myr

Regjeringa har foreslått å endre plan og bygdningsloven og ta inn forbod mot nedbygging av myr. Styret i Fjellnettverket støttar intensjonen om å ta vare på myr og unngå bygging på myr for å bevare dei mange og viktige økosystemtenestene myr leverer, mellom anna opptak og lagring av karbon, ivaretaking av naturmangfald og klimatilpassing.

Fjellnettverket støttar ikkje forslaget om å innføre eit generelt forbodet mot nedbygging av myr slik forslaget er utforma. Fjellnettverket meiner forslaget har både prinsipielle og praktiske utfordringar.

Emile Holba

 

Miljødirektoratet har på vegne av regjeringa sendt ut eit forslag på høyring om å endre plan og bygdningsloven. 

Fjellnettverket har sendt høyringssvar til forslaget: 

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige og levande bygder. 

Fjellområda dekker om lag halvparten av arealet i Noreg, og kommunane i desse områda forvaltar store naturressursar. Fjellet er viktig for berekraftig samfunnsutvikling og bruk av ressursane innanfor naturens tåleevne framover.

Fjellnettverket støttar intensjonen om å ta vare på myr og unngå bygging på myr for å bevare dei mange og viktige økosystemtenestene myr leverer, mellom anna opptak og lagring av karbon, ivaretaking av naturmangfald og klimatilpassing.

Fjellnettverket støttar ikkje forslaget om å innføre eit generelt forbodet mot nedbygging av myr slik forslaget er utforma. Fjellnettverket meiner forslaget har både prinsipielle og praktiske utfordringar.

Høyringa følgjer opp Stortingets vedtak om forbod mot nedbygging av myr, og departementet foreslår å ta dette inn i plan- og bygningslova som ein ny § 1-8. I etterkant av dette har det kome fleire statlege retningsliner som tydeleggjer at det ikkje skal byggast på myr.  

Forslaget om eit generelt forbod mot nedbygging av myr inn i plan- og bygningslova er eit svært inngripande tiltak. Dette omfattar i praksis minst 9 prosent av all natur i Noreg. Som høyringsnotatet gjer klart, er det ikkje ein einsarta og tydeleg definisjon av myr som kan brukast av kommunar som skal forvalte regelverket og ikkje av innbyggarar som skal forhalda seg til dette regelverket.

Fjellnettverket meiner kommunar er medvite sitt ansvar om å ta vare på og bevare viktige naturtypar, og at det er tydelege nasjonale føringar som har kome etter vedtaket i Stortinget som bidreg til å nå målsetninga om å hindre nedbygging av myr.

1. Lokal sjølvstyre og planskjønn

Kommunane har ansvar for heilskapleg arealplanlegging og skal vurdere tiltak ut frå lokale forhold. Fjellkommunane forvaltar store areal med variert natur, der myr er ein del av landskapet. I våre område er det avgjerande at lokale vurderingar og behov får ligge til grunn for arealbruken. Kommunane kjenner sine eigne naturforhold, samfunnsbehov og utviklingsmål, og bør difor ha handlingsrom til å gjere skjønnsmessige vurderingar. Eit generelt forbod som overstyrer lokal planlegging, kan svekkje både tillit og effektivitet i arealforvaltning.

2. Krav om klar overvekt av interesser

Det er foreslått at unntak frå forbodet kan gjerast dersom ei «klar overvekt av interesser» talar for det. Dette er eit uklart kriterium. Vi meiner dette kravet må fjernast eller erstattast med ei meir balansert vurdering av samfunnsnytte og lokal kontekst. Fjellnettverket meiner at forbodet mot utbygging av myr bør følgje same regelverk som i andre saker.

3. Definisjon av myr

I forslaget frå regjeringa er det ynskje om innspel på om forslaget skal gjelde all myr uansett kor djup den er eller avgrensast til myr over 30 cm. 

Dagens kartgrunnlag er mangelfullt og ikkje presise nok til å brukast i byggesaksbehandling. Dette kan føre til konflikt og usikkerheit i planprosessar. Om eit slikt forbod skal innførast bør det i forkant vere ein tydeleg definisjon og utviklast eit nasjonalt, oppdatert og kvalitetssikra kartgrunnlag som kommunane kan bruke før eit eventuelt forbod blir sett i verk.

Ei innføring av eit forbod bør følgje gjeldande regelverk. Forbodet bør i tilfelle det blir innført avgrensast til myr djupare enn 30 cm.

4. Ingen tilbakeverkande kraft

Det er foreslått at forbodet skal ha tilbakeverkande kraft. Eit forbod med tilbakeverkande kraft er uheldig, fordi det bryt med prinsippet om føreseielegheit i plan- og bygningslova og undergrev rettstryggleiken. Slike endringar svekkjer tilliten til planprosessane og kan skape konflikt mellom statlege styresmakter, kommunar og næringsliv. Det kan føre til erstatningskrav og rettstvistar, og dermed bremse både offentlege og private prosjekt.

Fjellnettverket meiner difor at forbodet mot nedbygging av myr ikkje bør gjelde for reguleringsplanar som allereie er vedtekne. Kommunar og innbyggarar må kunne stole på at vedtekne planar står ved lag, og at planprosessar har rettsverknad over tid.

5. Distriktsutvikling

I fjellkommunar er myr ein del av arealgrunnlaget. Trass i at fjellkommunane forvaltar store areal, er det ofte avgrensa med område som er egna for utbygging.  Eit generelt forbod mot bygging på all myr - uavhengig av storleik og djupn - kan hindre utvikling av berekraftige lokalsamfunn. Fjellnettverket meiner bør gjerast gjere unntak for tiltak som bidreg til lokal utvikling og beredskap.

Fjellnettverket ber om at:

  • Kommunane får behalde planskjønnet og moglegheit til å gjere unntak ved samfunnsnyttige tiltak. Det er kommunane som er har den lokale kunnskapen til å vurdere ulike konsekvensar opp mot kvarandre.
  • Kravet om «klar overvekt av interesser» blir fjerna eller moderert.
  • Definisjonen av myr blir presisert og kartgrunnlaget styrka.
  • Forbodet ikkje får tilbakeverkande kraft.