Kommisjonen som formar framtida – kva betyr det for fjellkommunane?

4. mai kl. 08.30 - 09.30

Kommunekommisjonen har lagt fram første delrapport, og funna kan få stor betydning for framtida til fjellkommunane. Kva peikar kommisjonen på – og kva bør fjellkommunane merke seg allereie no?

Ivar Prestbakmo - Klikk for stort bilete Stortinget

  Meld deg på digitalt møte i Fjellnettverket

Kommunekommisjonen har lagt fram første delrapport, og funna kan få stor betydning for framtida til fjellkommunane. Kva peikar rapporten på – og kva bør fjellkommunane vere merksame på allereie no?

Fjellnettverket inviterer til eit digitalt møte der arbeidet i kommunekommisjonen blir sett i lys av utfordringar og moglegheiter i fjellkommunane.

Innsikt frå kommunekommisjonen

Ivar Prestbakmo, medlem av kommunekommisjonen, deler sentrale vurderingar og perspektiv frå arbeidet med den første delrapporten. Med utgangspunkt i fjellkommunane peikar han på funn som kan få direkte konsekvensar for rammevilkår og utviklingsmoglegheiter – og på viktige vegval i forkant av arbeidet med kommisjonen sin neste rapport.

Opent møte for Fjellnettverket

Møtet er ope for alle som bur eller jobbar i ein kommune, eit fylke eller eit interkommunalt råd som er medlem i Fjellnettverket. Det blir sett av tid til spørsmål og dialog.

Praktisk informasjon