Kutt i distriktsutvikling

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er dei regionale utviklingsmidla redusert. Dersom ein opprettheld forslaget, vil det få negative konsekvensar for næringsutvikling, busetting og sysselsetting i fjellkommunane.

Styreleiar i Fjellnettverket, Steinar Berthelsen på veg inn til Stortingen - Klikk for stort bileteStyreleiar i Fjellnettverket, Steinar Berthelsen på veg inn på Stortinget. Arve Magne Vannebo  

Målet for regionalpolitikken er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar. Samanliknar ein fjellkommunane med resten av landet, er det færre nyetableringar, dårlegare næringsgrunnlag og få arbeidsplassar som krev utdanning. Likevel viser tal frå SSB at nyetableringar som skjer i fjellområda i større grad overlever og skapar arbeidsplassar, samanlikna med etableringar i meir sentrale strøk. Det er derfor grunn til å hevde at ei satsing i fjellområda er nødvendig og langsiktig politikk.

Set i gang utvikling
Regionale utviklingsmidlar blir mellom anna brukt på satsingar som elles ikkje ville blitt sett i gang. Eit døme er Trysil, som har utvikla seg frå å vere ein vinterdestinasjon til å bli ein heilårsdestinasjon. Etablering og utvikling av terrengsyklingstilbodet Trysil Bike Arena har vore sentralt i dette, og har ført til minst 70 arbeidsplassar. Utviklingsmidlar frå fylkeskommunen var avgjerande for at arbeidet vart sett i gang.

Ein av postane, Omstillingsdyktig næringsliv og lokalsamfunn i distrikta blir mellom anna brukt til å skape nettverk, innovasjon og samarbeid. Det trengst særleg i dei regionane der det er få aktørar og små miljø. I desse områda er nettverk og møteplassar sentralt for å skape utvikling. Start UPP i Hallingdal og Valdres har fått støtte for å bidra til innovasjon og gründerskap gjennom samarbeid mellom offentlege og private aktørar, finne investorar og sette verksemder i kontakt med kompetansemiljø.

Skapar meirverdi
Regjeringa seier det sjølv i sitt eige budsjettforslagder det står «De regionale utviklingsmidlene utløste om lag det tredobbelte i annen kapital til prosjektene i 2017». Eit godt døme på dette er Tråkk`n roll, som har fått tilskot til oppbygging av kompetanse og utvikling av bygging av stiar for sykkel, og med dette lagt grunnlaget for aktivitetsturisme på sommaren på tradisjonelle vinterdestinasjonar som Geilo og Hemsedal. Det har utløyst store private og offentlege investeringar i sykkelstiar og infrastruktur, og ført til samarbeid mellom offentlege og private aktørar, og lokale eldsjeler. Regionale utviklingsmidlar skapar synergiar og utvikling lokalt. Likevel har dei distriktspolitiske midla vorte drastisk redusert over lang tid, frå 2014 og fram til i dag er reduksjonen på 1,036 milliardar kroner.   

I forslaget til statsbudsjett blir det argumentert for at kutta i budsjettet er erstatta med satsing på mellom anna samferdsel. Fjellnettverket meiner at bygging av veg ikkje kan erstatte arbeid for å skape innovasjon og vekstkraft som dannar grunnlag for næringsliv og busetting i distrikta.

Reduksjonen regjeringa legg opp til er ei svekking av fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. Grunnlaget for regionreforma er å legge oppgåver til lågast mogeleg effektivt nivå. Forslaget svekkjer mogelegheitene til å skape sterke folkevalde regionar som både kan peike ut ei retning for samfunnet, og ha ressursar til å gjennomføre og påverke denne retninga.  

Fjellnettverket meiner at ein auke i regionale utviklingsmidlar i distrikts- og regionalpolitikken er nødvendig for å styrke mogelegheitene for etablering, innovasjon og omstilling, og sikre næringsgrunnlaget og busettinga i fjellkommunane i Noreg.